Fast stilling som fagbioingeniør ved Nevro/revmalaboratoriet, Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi

Laboratorieklinikken, Helse Bergen HF · BERGEN

Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er ein av i alt åtte einingar som er organisert under Laboratorieklinikken i Helse Bergen, og har om lag 370 tilsette. Avdelinga har 12 analytiske og 4 ikkje-analytiske seksjonar, tre legegrupper (seksjon for medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og seksjon for klinisk farmakologi), i tillegg til NAPOS, NOKLUS Vest og RELIS. Avdelinga er akkreditert.

Nevro/revma lab er ein av dei analytiske seksjonane og ligg i Gamle hovudbygg. Dei samarbeider med Nevrologisk- og revmatologisk avdeling og tar blodprøvar av pasientar som tilhøyrar avdelingane. Dei utfører blant anna Isoelektrisk fokusering ved bruk av kapillær- Westernblot teknikk og nevroimmunologiske analysar som t.d. gangliosidantistoff og acetylcholinreseptor antistoff, dei fleste analysane er manuelle basert på ELISA og RIA teknikk. Seksjonen har også samarbeid med Nevroimmunologisk laboratorium.

Vi har ledig fast stilling som fagbioingeniør med snarlig tiltredelse.

Arbeidsoppgåver

Dagleg rutinearbeid

Fagansvar poliklinikk og preanalyse

Fagansvar for nevroimmunologiske analysar - omfang etter avtale

Rettleiingsansvar for studentar, nytilsette og andre yrkesgrupper

Dokumentbehandling i EK som oppdatering og skriving av prosedyrar

Det kan vere aktuelt å delta i innføring av nye metodar og metodevalidering

Ein må halde seg fagleg oppdatert innan seksjonen sitt fagområde

Andre arbeidsoppgåver og ansvarsområder kan tilkome stillinga ved seinare høve

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som bioingeniør med minimum 2 års erfaring frå medisinsk laboratorium

Det er ein fordel med erfaring frå arbeid med instrument og analyseteknikkar seksjonen nyttar

Må kjenna til, og  kunne nytta excel

Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar blir vektlagde

Personlege eigenskapar

Evne til å arbeide målretta

Kunne arbeide sjølvstendig og i team

Engasjert, strukturert og løysingsorientert

Gode gjennomføringsevner

Fagleg engasjert

Vere ein god teamarbeidar og bidra til godt samarbeid på seksjonen

Må trivast i eit aktivt miljø

Vi tilbyr deg

Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar

Høgt fagleg nivå

Stillinga inngår i 3-delt turnusordning

Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon
Randi Solheim, Seksjonsleier, 55975119, randi.margrethe.solheim@helse-bergen.no
Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, 99235074, ingunn.boro@helse-bergen.no

Arbeidsstad

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5164634668
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.09.2026