Ringevikarar - Grasdal skule
ALVER KOMMUNE · Ådlandsvegen 323, FREKHAUG

Om stillinga

Grasdal skule ønskjer å knyte til seg personar som skulen kan ringje når dei har behov for lærarvikarar, barne- og ungdomsarbeidarar og pedagogisk medarbeidarar til skule og SFO.

Det kan også verte aktuelt med kortare og lengre vikariat.

Grasdal skule ligg fint til med natur- og skogsområde i Austebygd på Holsnøy. Det er ca 5 min kjøretid frå Flatøy eller Frekhaug.
Skulen har ca 130 elevar fordelt på 1-7. trinn.

Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåva som ringjevikar er å gå inn i den stillinga der det er fråvær og behov for vikar.

Kvalifikasjonskrav

For stillinga som lærarvikar er det ønskjeleg med godkjent lærarutdanning, eller under pedagogisk utdanning. Søkjarane må minumim ha studiekompetanse.

For stillingane som barne- og ungdomsarbeidar er det ønskjeleg med fagbrev, men vi oppmodar også personar med relevant erfaring/realkompetanse til å søkje.

Gyldig politiattest etter opplæringslova må leggast fram.

Vi tilbyr

Stillinga er timeløna. Løn ut frå kompetanse og erfaring.