Helgestilling i nattenesta
OSTERØY KOMMUNE · Osterøytunet 3, VALESTRANDSFOSSEN

Om stillinga

Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65 plassar fordelt på to avdelingar, der kvar avdeling har 3-4 grupper med 9-10 bebuarar i kvar gruppe. Me har eige kjøkken og eigen lege, og tilbyr både korttids- og langtidsopphald. Som nattevakt ved Osterøytunet vil du arbeide på alle avdelingar ved sjukeheimen, og du vil også vere ein del av utetenesta i kommunen. Du vil få grundig opplæring i dei arbeidsoppgåvene du blir sett til.

Arbeidsoppgåver

Heilskapleg omsorg og pleie

Bistand og rettleiing utfrå pasienten sine behov

Målretta miljøarbeid ved behov

Praktiske oppgåver i avdelingane

Dokumentasjon og rapportering

Kvalifikasjonskrav

Fagbrev som helsefagarbeidar med autorisasjon

Assistentar med erfaring kan kompensere for krav om fagbrev.

Erfaring frå omsorgsarbeid, helsefag eller liknande er ein fordel

Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar

Søkjarar frå utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk munnleg og skriftleg gjennom bestått prøve i nivå B2.

Politiattest som ikkje er eldre enn 3 md ved tiltreding i stillinga

Vi tilbyr

Moglegheit for fagleg utvikling

Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjartevarme

Lønn etter tariffavtale

Video: https://youtu.be/5TIhcmaLglY