Fagansvarleg rekneskap og løn

SVEIO KOMMUNE · Sveiogata 70, SVEIO

Om stillinga

Vil du vere med og sikre gode og framtidsretta rekneskaps- og lønstenester i Sveio kommune?

Sveio kommune søkjer ein fagleg sterk og utviklingsorientert fagansvarleg innan rekneskap og løn. Vi ser etter deg som ønskjer ei sentral rolle i arbeidet med å sikre kvalitet, kontroll og vidareutvikling av kommunen sine rekneskaps- og lønsprosessar.

Som fagansvarleg får du eit overordna fagleg og operativt ansvar for kommunen sitt arbeid innan rekneskap og løn. Du vil vere med på å sikre god kvalitet i tenestene, vidareutvikle arbeidsprosessar og bidra til effektiv drift. Stillinga rapportere til økonomisjef.

Kvifor arbeide hos oss?

Hos oss får du ei viktig rolle i ein kommune der du kan vere med på å påverke, forbetre og vidareutvikle sentrale arbeidsprosessar innan rekneskap og løn. Du blir ein del av eit fagmiljø med høg kompetanse og får høve til å bidra både fagleg og strategisk i utviklinga av tenestene våre.

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har:

høgare utdanning innan økonomi, rekneskap, revisjon eller tilsvarande

god kjennskap til kommunal sektor og relevant lov- og regelverk

relevant erfaring frå rekneskap, løn eller revisjon

god systemforståing og god kompetanse i Excel og administrative IKT-system

god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Det er ein fordel om du har:

erfaring med kommunerekneskap

erfaring med Visma Enterprise Plus

erfaring frå fagleiing, rettleiing eller koordinering

Arbeidsoppgåver

Du får fagleg og operativt ansvar for kommunen si rekneskaps- og lønsfunksjon, med fagleg oppfølging av fire medarbeidarar. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:

fagleg ansvar for kommunen sitt arbeid innan rekneskap og løn

sikre god kvalitet i rekneskapsføring, lønsutbetalingar, avstemming og rapportering

utvikle, forbetre og dokumentere rutinar og arbeidsprosessar

bidra i årsavslutning, tertialrapportering og budsjettoppfølging

bidra til god internkontroll og etterleving av lov- og avtaleverk

vere rådgjevar og støtte for leiarar og tilsette i spørsmål om løn og økonomi

delta i utviklingsarbeid, digitalisering og forbetring av system og arbeidsflyt

samarbeide med andre fagmiljø og eksterne aktørar ved behov

Arbeidsoppgåvene kan bli justerte ut frå kompetansen og profilen til den rette kandidaten, og i takt med utvikling av økonomifunksjonen i kommunen.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

er strukturert, grundig og har høg gjennomføringsevne

ser heilskapen,og samstundeshar kontroll på detaljer

trivst med å løyse problem og handtere komplekse problemstillingar

kommuniserer tydeleg og byggjer gode relasjonar

trivst med ansvar og har god arbeidskapasitet

Vi tilbyr

Utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap

Eit fagmiljø i utvikling som du får vere med på å påverke og utvikle

Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar