Avdelingsleiar ved bufellesskap for menneske med nedsett funksjonsevne

Giske kommune, Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt · Reset 14, VIGRA

Er du klar for ny jobb med nye og meningsfulle utfordringer?

Frå 18. oktober 2026 har vi ledig fast 100 % stilling som avdelingsleiar ved bufellesskap for menneske med funksjonsnedsettingar.

Som avdelingsleiar blir du ein viktig del av eit framoverlent og utviklingsorientert leiarteam der humor, arbeidsglede og godt samarbeid står sentralt. Vi er opptatt av å spele kvarandre gode, tenkje nytt og jobbe saman for å legge til rette for ein meningsfull kvardag for både brukarane våre og dei tilsette. Her får du ein spennande jobb der du både leier, utvikler og er med på å forme gode framtidsretta tenester – i eit miljø som heier på deg og verdsetter innsatsen din.

I tillegg til formell utdanning og praksis vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.

Det er krav om politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast som vedlegg til søknaden.

Arbeidsoppgåver

Dagleg drift av bufellesskapet inkludert oppfølging av økonomiske rammer

Fagleg og administrativt ansvar, inkludert personalansvar

Leie, kvalitetssikre og utvikle det faglege arbeidet

Sakshandsaming og oppfølging av tvangsvedtak

HMT, legge til rette for godt arbeidsmiljø

Legge til rette for kultur med høg etisk bevissthet

Samhandling med brukarar og pårørande

Samhandling mellom tenester i eininga og andre instansar

Utviklingsarbeid og prosjektarbeid

Turnusplanlegging

Arbeidsoppgåver kan bli endra ut frå behov.

Kvalifikasjonar

Relevant høgskule-/universitetsutdanning og gjerne med vidareutdanning i leiing.

Leiarerfaring

God kjennskap til lovverk og føringer innan helse- og omsorgstjenester, særlig knytt til
hol. kapittel 9, lov om kommunale helse- og omsorgstjenester.

Erfaring fra arbeid innan bufellesskap.

Kunnskap om autismespekterlidelser.

Erfaring med målrettet miljøarbeid og tenester til personer med funksjonsnedsettingar.

God digital kompetanse og trygg på bruk av fagsystemer.

God norsk skriftlige og munnleg framstillingsevne.

Erfaring frå endrings- og forbetringsarbeid.

Kjennskap til turnusplanlegging.

Den som blir tilsett må ha sertifikat for bil  og kunne disponere eigen bil i tenesta.

Personlege eigenskapar

Gode inkluderande leiareigenskapar og evne til å skape gode relasjonar og oppnå tillit.

Interesse for og evne til nytenking og til å motivere til endring og utvikling.

Godt humør og gode samarbeidsevne.

Trivast med høgt tempo og har stor arbeidskapasitet.

Vi tilbyr

Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg arbeidsmiljø.

Eit tenesteområde i sterk utvikling.

Eit sterkt fokus på modernisering og omstilling gjennom bruk av ny teknologi.

Konkurransedyktig løn.

God pensjonsordning i Klp.

Kontaktinformasjon
Nina Skjong, einingsleiar, +47 90251630
Helen Gjerde, nestleiar, 90249808

Arbeidsstad
Reset 14
6040 Vigra

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommune

Referansenr.: 5176136968
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.09.2026