Vil du vere med og forme helsetenestene i Solund?

Solund kommune Helse og omsorg · Hardbakke, HARDBAKKE

Solund kommune er ein øykommune ytterst i Sognefjorden, samansett av øyer og holmar. På den største øya ligg kommunesenteret Hardbakke, der vi har samla våre helsetenester. I Solund verdset vi kvilepuls – men i ein variert og spennande arbeidskvardag kan det òg vere godt å kjenne at pulsen slår litt ekstra.

Vi søkjer ein sjukepleiar i 100 % fast stilling som assisterande leiar ved Solundheimen. Solundheimen har 19 plassar i tillegg til ei KAD-seng. Som assisterande leiar vil du ha medansvar for institusjon, heimeteneste og miljøteneste. Du vil vere ei støtte for leiar og bidra til effektiv drift og høg kvalitet i tenestene – rett og slett vere «høgre handa» til leiaren.

Vi ser etter ein engasjert og fagleg sterk sjukepleiar som er interessert i ansvar og leiing. Du vil gå i turnus, hovudsakleg dagtid i vekene, med arbeid kvar tredje helg. Stillinga er ei kombinasjon av kontorarbeid og arbeid i tenestene.

Arbeidsoppgåver:

Støtte leiar: Bidra til at tenestene vert drivne effektivt og profesjonelt, og vere til stades ved leiars fråvær.

Kulturbygging: Bidra til eit godt arbeidsmiljø og ein positiv, profesjonell kultur.

Planlegging og struktur: Hjelpe til med vaktplanlegging, handtering av sjukefråvær og sikre trygge og føreseielege rammer.

Fagleg ansvar: Vere ein trygg og oppdatert sjukepleiar som sikrar fagleg forsvarleg drift.

Kvalifikasjonar:

Autorisasjon som sjukepleiar

Førarkort klasse B

Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg (minimum nivå B2)

Gode kommunikasjonsevner

Gjerne leiarerfaring eller leiarutdanning men det er ikkje eit krav

Evne til å takle omstilling og hektiske periodar

Vi tilbyr

• Sterkt tverrfagleg miljø
• Løn etter tariff med lokalt tillegg på kr. 27 000,- per år.
• Hjelp til å skaffe bustad
• Flyttegodtgjersle
• Spanande faglege arbeidsoppgåver i nydeleg natur ytst i havet
• Ein overvektig katt som bur på institusjonen med stor appetitt på både kos og mat
• Godt arbeidsmiljø, og eit inkluderande samfunn.

• I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: Offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Les meir om medlemsfordelane i KLP her

Kvifor velje Solund?

Dette er stillinga for deg som ønskjer å jobbe i eit lite samfunn med ein mindre institusjon. Som sjukepleiar i Solund kommune får du tid til å bli godt kjent med brukarane. Arbeidskvardagen kan vere travel, men i Solund får du tid til å gjere ein god jobb – og i den siste medarbeidarundersøkinga svarte sjukepleiarane at dei i større grad enn landssnittet opplever å kunne hjelpe brukarane sine.

I tillegg kan du søkje om å få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt etter eitt år i Solund. Les meir om ordninga.

På fritida finst det mange aktivitetar og frivillige lag for både store og små. Sjølv om vi er ein liten kommune, har vi mykje å by på.

Praktisk informasjon:

Ved tilsetjing må du leggje fram politiattest (ikkje eldre enn 3 månader) og utfylt MRSA-skjema. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.

Offentleg søkjarliste: Vi gjer merksam på at namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom du ønskjer unntak frå offentleggjering, må det grunngjevast. Du vil i så fall bli kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.

Høyrest dette spennande ut? Då håpar vi du søkjer! Har du spørsmål, er du velkomen til å ta kontakt med Ingelin – leiar for sjukeheim og heimetenester. Ho gler seg til å høyre frå deg!

Link til søknadsskjema: Søk her