Prosjekteringsleiar - Store bruprosjekt
Samferdselsområdet [samferdsel], Møre og Romsdal fylkeskommune · Borgundvegen 340, ÅLESUND
Møre og Romsdal fylkeskommune har mange bruprosjekt i porteføljen dei komande åra. Til prosjektorganisasjonen søker vi prosjekteringsleiar innafor større bruprosjekt som ny Remøybru og ny Steinvågbru. Der vil du inngå i eit team med blant anna prosjektleiar, byggeleiar, kontrollingeniør, prosjekterande og støtteressursar. Du vil rapportere til prosjektleiar.

Stillinga har kontorstad Ålesund.

Du må rekne med noko reising i heile fylket til dei ulike prosjekta og til dei ulike kontorstadane. Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av fylkesvegane. Vegprosjektseksjonen har i dag om lag 50 tilsette med kompetanse innafor prosjektleiing, byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Inkludert i desse er byggherreorganisasjonane knytt til veginvesteringsprosjekt, Bypakke Ålesund, ny Remøybru og Steinvågbru, tunneloppgradering og ei rekkje andre bruer og ferjekaier.

Arbeidsoppgåver
- Styre eigne enkeltprosjekt med ulik størrelse og kompleksitet, i heile fylket.
- Følgje opp enkeltprosjekta gjennom planlegging, prosjektering og anskaffing.
- Koordinere prosjekteringa med andre seksjonar og fagmiljø i vegavdelinga.
- Delta i valg av kontraktstrategi og utlysing av kontrakter.
- Ha ansvar for å levere enkeltprosjekta innanfor definerte mål for HMS, økonomi, framdrift og kvalitet.
- Rapportere til prosjektleiar og bistå prosjektleiar i styringa av prosjektporteføljen.
- Samarbeide med dei andre byggeleiarane og kontrollingeniørane i prosjektet og i avdelinga.

Kvalifikasjonar
- Bachelor eller master i ingeniørfag (min. 3-årig ingeniørutdanning frå universitet, høgskule eller liknande).
- Det er ønskeleg med erfaring frå prosjektering av betong- og/eller stålkonstruksjonar.
- God kjennskap til digitale verktøy
- Det er ønskeleg med erfaring i bruk av BIM
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar

- Vilje og evne til å samarbeide med og involvere interne og eksterne partar.
- Gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg
- Utviklings- og løysningsorientert
- Arbeide nøyaktig og målretta
- Sjå behov og ta ansvar

Vi tilbyr
- Ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Ragnhild Holen Relling, Prosjektleiar store bruprosjekt , 47892170, ragnhild.holen.relling@mrfylke.no
Torbjørn Vatnehol, Prosjektsjef, 97714119, torbjorn.vatnehol@mrfylke.no

Arbeidsstad
Borgundvegen 340
6009 Ålesund

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5171263284
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.09.2026