Heimehjelp

Høyanger kommune Open omsorg Høyanger · August Gunnarskogs gate , HØYANGER

Open omsorg Høyanger er lokalisert i helse og sosialsenteret i Høyanger sentrum. Tenesta inneheld heimesjukepleie, heimehjelpstenester og  dag- og aktivitetstilbod til brukarar. Tenesta har totalt om lag 250 brukarar og arbeidsområdet er Høyanger/Kyrkjebø/Nessane.

Vi har ledig 100% stilling som heimehjelp frå snarast. Arbeidstid dagtid men etter kvart nokre ettermiddagar og arbeid 3 eller fjerde kvar helg. Arbeid i helg er ved heimesjukepleien.

Stillinga inneber hjelp i heimen til heimebuande brukarar i området Høyanger/Kyrkjebø og Nessane.

Oppgåver som ligg til stillinga er husvask, handling, tilrettelegging for måltid og noko arbeid med stell i brukar sin heim/ omsorgsbustad.

Vi søkjer deg som er engasjert i utvikling av Høyanger kommune og likar å finne løysingar i samarbeid med andre. Vi er opptekne av god service til innbyggjarane våre. Det må du også vere!

Dine kvalifikasjonar:

evne til å jobbe sjølvstendig og på lag med andre

er serviceinnstilt og har gode kommunikasjonsevner

god muntleg/skriftleg kunnskap i norsk

førarkort kl B (fortrinnsvis manuell gir)

føremon med erfaring frå liknande arbeid

Den som blir tilsett må levere godkjend politiattest før oppstart.

Kvifor søkje hos oss?

spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver

triveleg og hektisk arbeidsmiljø med aktive og engasjerte og dyktige kollegaer

gode pensjons- og forsikringsordningar

lønn etter tariff.

Presentasjon av Høyanger som bu- og arbeidsområde:

Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.

Vi satsar på kultur og folkehelse, og vi dyrkar samspelet mellom det profesjonelle, kommunen og dei frivillige. Vi jobbar for å skape eit inkluderande og aldersvenleg samfunn, med fokus på universell utforming og gode møteplassar.

Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen.  Her kjem du inn i bildet!

Kvifor Høyanger?

Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi

Eit rikt lag- og organisasjonsliv

Fokus på samskaping og samarbeid

Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m.

Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege, sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit blir handsama i tråd med offentleglova.

Link til søknadsskjema: Søk her