Vikariat - Styrar i Byrte barnehage
TOKKE KOMMUNE · Storvegen 60, DALEN
Det er ledig 100% vikariat som styrar ved Byrte barnehage frå 01.01 - 2027 og fram til 30.06 - 2027.

Tokke kommune har sett fokus på fagleg utvikling, med ulike pedagogiske innfallsvinklar. Styrar i Byrte samarbeider tett med Dalen barnehage i høve utviklingsarbeid. .
Kollektiv kompetanseutvikling står sentralt – betre tverrfagleg innsats (BTI).

Frå hausten 2023 vart barnehagane i Tokke «Liv og røre barnehagar».

Byrte barnehage er ein 1 avdelings barnehage med plass til inntil 12 barn (avhengig av alder på barna). Me har barn i alderen 1 - 6 år. Barnehagen er ein del av Byrte samfunnshus med flotte turområder, badeplass og skiløyper i nærleiken.
Organisering
Barnehagen i Byrte er open måndag, tysdag og onsdag frå kl 07.30 – 16.30.
Det er totalt 2 - 3 tilsette (inkludert styrar) med ei ressursramme på ca. 180%.
Dei 3 dagane barnehagen er open vil du vere pedagogisk leiar.
Torsdagane nyttast til administrasjon - og møtetid.
Då ein får lange arbeidsdagar måndag til torsdag vil ein kunne avspasere dei fleste fredagar.

Arbeidsoppgåver

Leie barnehagen med fag - og personalansvar.

Oversikt over økonomi.

Sikre forsvarleg drift innanfor tilgjengelege ressursar og gjeldande lovverk.

Sørge for at barnehagen utviklar seg som ein lærande organisasjon.

Ansvar for samarbeid med føresette, planlegging og gjennomføring av foreldremøte.

Kvalifikasjonar

Barnehagelærarutdanning eller tilsvarande.

Utdanning innan leiing og leiarerfaring er ønskjeleg.

Kunnskap om lov- og regelverk gjeldande for fagområdet.

Gjerne noko erfaring med budsjett og økonomi.

Kunne sette seg inn i og ta i bruk digitale fagsystem/verktøy.

God dugleik innan skriftleg og munnleg kommunikasjon.

Personlege eigenskapar

Like å leie andre menneske og vere medviten eiga leiarrolle.

Evne til å inspirere og motivere.

Vere interessert i fagleg utvikling.

Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.

Stor arbeidskapasitet og evne til å arbeide sjølvstendig og i team.

Vi tilbyr

Løn og tilsetjing på kommunale vilkår.

Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat.

Eit godt arbeidsmiljø.

Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Andre opplysningar:
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi i Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Kontaktinformasjon
Tone Lunde Skaalen, Kommunalsjef Oppvekst, +47 97171406

Arbeidsstad
Storvegen 60
3880 Dalen

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Tokke kommune

Referansenr.: 5169114860
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 04.01.2027
Sluttdato: 30.06.2027
Søknadsfrist: 04.10.2026