Er du helsefagarbeidar som trivst med varierte arbeidsdagar og pasientar i ulike aldrar?

OSTERØY KOMMUNE · Osterøytunet 3, VALESTRANDSFOSSEN

Om stillinga

Korttidsavdelinga tek imot pasientar i alle aldrar som er i ein overgangsfase, til dømes etter sjukehusopphald, ved behov for tett oppfølging over ein avgrensa periode, eller før retur til eigen heim eller vidare til andre kommunale tenester som langtidsplass i institusjon. Avdelinga tek også imot pasientar med behov for lindrande behandling og palliativ oppfølging.

Det er fast tilsette sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar i avdelinga. Dei arbeider tett saman med sjukepleiarteamet, sjukeheimslegen og ergo- og fysioavdelinga, og samarbeider med heimetenesta om pasientar som er felles brukarar av kommunale helsetenester.

Stillinga er ledig frå 05.08.2026 og gir høve til ein spennande og variert arbeidskvardag.

Turnus med arbeid kvar tredje helg

Kven søkjer vi etter?

Vi søkjer etter deg som trivst i lag med pasientar i ulike livsfasar!

Du som er engasjert, jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevner. Du må like å ha ansvar, men bør også like å spele kollegaene dine gode. Du bør evne å opprette god relasjon til både pasientar, deira pårørande og dine kollegaer.

Om du er helsefagarbeidar som likar å arbeide med pasienter som er i ein overgangsfase er dette ei god stilling for deg!

Ikkje nøl med å ta kontakt med oss om du lurar på noko!

Vi tilbyr deg

Ei spanande og gjevande stilling som helsefagarbeidar på korttidsavdelinga

Du får samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer

Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjartevarme

Moglegheit for fagleg utvikling

Moglegheit til å påverke eigen arbeidsplan i planlegginga av årsturnus.

Turnus med dag- og kveldsvakter. Arbeid kvar 3. helg

Moglegheit for å lade el- bil mot avgift

Gode pensjons- og forsikringsvilkår

Arbeidsoppgåver

Arbeid på korttidsavdelinga med pleie, personleg oppfølging og rehabilitering/habilitering av pasientane

Opplæring og utføring av diverse prosedyrer som er aktuelle på avdelinga

Dokumentasjon i journalsystemet Profil

Tverrfagleg samarbeid med sjukeplaiarar, lege og ergo-/fysioavdelinga

Samarbeid med heimetenesta om pasientar som skal heim og treng oppfølging

Kvalifikasjonar

Må ha autorisasjon som helsefagarbeider

Ha evne til å gjera faglege vurderingar og gjennomføra desse og å utvise godt skjønn

Vera opptatt av kvalitet og å halde deg fagleg oppdatert

Om du får tilbod om stillig må du leggja fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader

Du er fleksibel, endringsvillig og løysingsorientert

Du må ha gode samarbeidsevner

Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg

Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk.

Å vera personleg eigna vil bli vektlagt