Sjukepleie- eller vernepleiestudent?
Helse, omsorg og velferd Fjord kommune · Olavsgata 10, VALLDAL

Sjukepleiestudent eller vernepleiestudent?
Vil du ha ein relevant og meiningsfull jobb ved sidan av studia? Hos oss får du fagleg utvikling, ansvar og verdifull erfaring i møte med menneske med psykiske helseutfordringar. Du blir ein del av eit fagmiljø med tett oppfølging, tillit og varierte arbeidsdagar – der du får høve til å gjere ein forskjell.

Arbeidsoppgåver

Yte målretta og individuelt tilpassa tenester i tråd med vedtak, planar og gjeldande rutinar.

Arbeide sjølvstendig og ha ansvar for å følgje opp struktur, aktivitetar og daglege gjeremål.

Motivere, rettleie og bistå bebuar med praktiske oppgåver, eigenomsorg og hushald.

Bidra til stabilitet, god døgnrytme og livskvalitet.

Arbeide aktivt med relasjon, kommunikasjon og målretta miljøarbeid.

Vere tydeleg og trygg i grensesetting. Observere, dokumentere og rapportere i tråd med gjeldande rutinar.

Kvalifikasjonar

Sjukepleie- eller vernepleiestudent.

Beherske godt norsk, både skriftleg og munnleg.

Politiattest av ny dato må leggjast fram før tiltreding.

Ønskeleg med:

Erfaring innan målretta miljøarbeid.

Erfaring frå psykisk helsearbeid eller liknande tenester.

Førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar

Er omsorgsfull, stabil og påliteleg.

Kan arbeide sjølvstendig, strukturert og ansvarsfullt.

Er trygg og tydeleg i møte med krevjande situasjonar.

Er fleksibel, løysingsorientert og serviceinnstilt.

Har gode evner til relasjonsbygging og profesjonell grensesetting.

Forutan faglege kvalifikasjonar vert personlege eigenskapar vektlagt

Vi søkjer ein omsorgsfull, stabil og påliteleg medarbeidar

Du må samarbeide godt og ha evne til å arbeide sjølvstendig.

Er serviceinnstilt

Vi tilbyr

Ein arbeidskvardag der ingen dagar er like, med mykje aktivitet og engasjement.

Moglegheiter for utviklande og spanande arbeidsoppgåver der du følgjer brukarane våre over tid.

Tilsetting på vilkår for kommunalt tilsette.

Pensjonsordning med 2% medlemsinnskot i KLP.

Kontaktinformasjon
Sindre Søvik Erstad, Kommunalsjef Helse, Omsorg og Velferd, +47 95855960

Arbeidsstad
Simamarka 46
6250 Stordal

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse, omsorg og velferd Fjord kommune

Referansenr.: 5168369807
Stillingsprosent: 20%
Engasjement
Søknadsfrist: 13.09.2026