Sommarvikar i heimetenesta i Sogndal

Sogndal kommune Heimetenesta avd Sogndal · Plassen 2, SOGNDAL

Vil du ha ein sommarjobb som betyr noko? Bli sommarvikar i Heimetenesta Sogndal!

Hjå oss får du ein jobb der du gjer ein forskjell kvar dag! Du blir ein del av eit omsorgstilbod der tryggleik, individuell tilrettelegging og fagleg kvalitet står i sentrum.

Vil DU verta vår kollega til sommaren?

Me treng deg som er motivert, engasjert og sjølvstendig til å gjera det beste for våre brukara og deira pårørande. Som vikar hjelper du menneske til å få ein verdifull og meiningsfylt kvardag gjennom praktisk bistand, gode samtalar og ved å skape små, positive opplevingar som betyr mykje.

Ynskjer du ein spennande og lærerik sommarjobb, håper me at du søkjer jobb hjå oss.

Fint om du kan presisere kvar du helst vil jobbe: Heimetenesta, som heimehjelp eller på dagsenteret.

Sjukepleiar,- vernepleiar,- og medisinstudentar vert oppfordra til å søkje.

Tilsetjing vil skje fortløpande. Turnus med arbeid kvar 2/3 helg, og med moglegheiter for langvakter på 14,5 timer på helg.

Arbeidsoppgåver:

Yte god og trygg helsehjelp til bebuarar i heimetenesta og omsorgsbustad.

Kvardagsrehabilitering

Varierte arbeidsoppgåver

Yte god service og like utfordringar i ein travel kvardag

Arbeidsperioden vil vera frå veke 25 til veke 36. Du kan søkja sjølv om du ikke kan jobbe alle vekene, men søkjarar som kan jobbe heile perioden vert prioriterte.

Kvalifikasjonar:

Du må ha fylt 18 år, og ha førarkort klasse B

Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Politiattest

Personlege eigenskapar:

Positiv innstilling og løysningsorientert

Evne til å jobbe sjølvstendig og i eit team

Skape tillit og aksept og engasjement for å jobbe med menneske

Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt.

Me tilbyr:

Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø

Løn etter tariff

Relevante helsefaglege utdanningar på høgskule- /universitetsnivå som har fullført første året vert lønna som fagarbeidar, og som fagarbeidar med 8 års ansiennitet om du har fullført andre året

God opplæring

Relevante helsefaglege utdanningar på høgskule- /universitetsnivå som har fullført første året vert lønna som fagarbeidar, og som fagarbeidar med 8 års ansiennitet om du har fullført andre året.

Me ynskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjera vårt beste for at du skal trivast.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.

Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort

Link til søknadsskjema: Søk her