Fagarbeidar vatn og avløp

TYSNES KOMMUNE · Uggdalsvegen 301, UGGDAL

Er du vår nye kollega og medarbeidar?

Er du ein praktikar som likar å fikse ting – og som får energi av å sjå at alt fungerer? Då kan du vere den me ser etter! Me har ledig stilling innan drift og vedlikehald og fagområde: vatn- og avløp.

Arbeidsoppgåvene vil hovudsakleg vere drift, vedlikehald og tilsyn av kommunale vatn- og avløpsanlegg. Ingen dag er lik, og du får ein jobb med stor variasjon, ansvar og synlege resultat. Vedlikehald blir utført både i eigen regi og ved bruk av rammeavtalar, og du vil sjølv utføra mykje av det praktiske arbeidet, samstundes som du følgjer opp eksterne leverandørar ved behov.

Stillinga er plassert i eining for drift og vedlikehald og rapporterer til einingsleiar. Eininga har drifts- og vedlikehaldsansvar for kommunale bygg, kyrkjegardar, vegar samt vatn- og avløpssystem. Stillinga er spennande, krevjande og svært variert, med eit tydeleg samfunnsnyttig formål.

Stillinga inngår i vaktavtale innan områda vatn og avløp, og det er derfor ein fordel om du bur i kommunen.

Arbeidsoppgåver

Drift, tilsyn og vedlikehald av vatn- og avløpsanlegg.

Kontroll og overvaking av pumpestasjonar og leidningsnett.

Feilsøking og reparasjon ved driftsavvik.

Dokumentajson og rapportering i samsvar med regelverk.

Delta i større og mindre prosjekt knytte til driftsavdelinga, særleg innan områda vatn og avløp.

Samarbeide med andre fagområde i eininga for å koordinere aktivitet og styrka tryggleiken i drifta.

Stillinga inngår i teknisk vaktordning på VA med pt. vakt kvar tredje veke. Vaktordning blir kompensert med 1:5 og overtid på utrykningar.

Kvalifikasjonar

Du må ha:

VVS/VA rørlegger. Anna relevant fag-utdanning/erfaring kan bli vurdert som aktuell.

Relevant erfaring og god praktisk forståing.

Sertifikat: klasse B

God norsk framstillingsevne, både skriftleg og munnleg.

God kunnskap i bruk av data og ulike datasystem for rapportering, kvalitetsarbeid og andre oppgåver.

Det er ønskeleg med:

ADK-sertifikat

AVK (arbeidsvarslingskurs)

Truckførarbevis

PE elektrosveise sertifikat

Kurs og kompetanse kan tilbydast etter avtale.

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som:

har praktisk sans og interesse for faget.

er strukturert og fleksibel når kvardagen byr på overraskingar.

har vilje til fagleg utvikling og er god på HMT.

er sjølvstendig, løysingsorientert og likar å ta ansvar.

har gode samarbeidsevner og positive haldningar.

Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.

Kvifor skal du jobba hos oss?

Hos oss vil du få høve til å arbeide med eit viktig og krevjande samfunnsoppdrag. Du blir ein del av eit kunnskapsrikt og godt arbeidsmiljø, der vi er opptekne av kunnskapsdeling og kompetanseheving.

Normal abeidstid i drift- og vedlikehaldsavdelinga er mandag-fredag frå kl 07.15-15.00. Stillinga har fleksitid med ytre ramme mellom 07.00-20.00. For tilsette i vaktordning på VA, har ein fast tilsynsoppdrag på laurdagar den veka ein har vakt. Tilsynsoppgåva inngår i samla årstimetal.

Tilsetting hos oss gir deg medlemskap i KLP - Kommunal Landspensjonskasse. Det betyr mellom anna at du får ei av dei beste pensjonsordningane i Noreg, og dessutan moglegheit til å søke om bustadlån med gunstige vilkår. Les meir på KLPs nettsider.

Du blir tilsett i fagarbeidarstilling, med lønsplassering i kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Lønna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år blir det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar.

I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar.

Synest du stillinga verkar spennande, eller har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med kontaktpersonane som står oppført i annonsen.

Informasjon til søkar

Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.

Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.

Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.