1.maskinist i 2:2 turnus

Maritim Drift, Fjord1 AS · E39, RENNESØY

Vi søker no etter ein 1.maskinist til sambandet Arsvågen–Mortavika, p.t. MF Raunefjord.

Arbeidsordninga er dagskift, 2 veker på og 2 veker fri, med ei arbeidsveke på 85 timar. Du kan reise heim etter endt vakt, men det er og mogleg å bu om bord dersom du ønsker det. Dette er ei ordning som gir god balanse mellom jobb, familieliv og fritid.

I rolla som 1. maskinist har du eit stort ansvar i drifta av fartøyet og fungerer som maskinsjefen sin stedfortredar. Her får du moglegheit til å utvikle deg vidare innan maskinfaget og bygge kompetanse på gassfartøy – ei erfaring som er ettertrakta. Du vil her jobbe på eit av dei mest trafikkerte ferjesambanda, i ein travel, men trygg kvardag med godt samarbeid.

Oppstart er så snart som mogleg, men endeleg oppstartstidspunkt vert avtalt nærare.

Aktuelle kandidatar blir vurderte og tilsette fortløpande.

Arbeidsoppgåver

Vedlikehalde av maskineri/komponentar i henhald til AMOS vedlikehaldssystem.

Oppgåver iht. alarminstruks

Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav.

Samarbeid med maskinsjef for å sikre at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden.

Sjå til at personell som utfører arbeid i maskin nyttar verne- og tryggleiksutstyr.

Utvikling og opplæring av personell som er underlagt maskin.

Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt.

Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar.

Ansvar for bunkring av gass og olje.

Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn.

Oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde.

Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert.

Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde.

Bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.

Kvalifikasjonar

Kompetansesertifikat M2

Sikkerhetskurs i høve kvalifikasjonsføreskrifta

Ferdigheitssertifikat, vidaregåande IGF

FSE lav- og høyspenning

Krise- og passasjerhandtering

Gyldig helseerklæring

Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

Fjord1 dekker IGF kurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert 1.maskinist med teknisk innsikt, og god kommunikasjonsevne. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Vi ser etter ein fleksibel og løysingsorientert person som trives med ein variert arbeidskvardag.

Vi tilbyr

Konkurransedyktig løn etter lokale protokollar, med gode tillegg og ordna arbeidsvilkår.

Dagskift, 2 veker på og 2 veker av.

Ein kan bu ombord i arbeidsperioden.

Treningsrom om bord i fartøyet.

Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.

Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår.

Kontaktinformasjon

Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no

Arbeidssted

E39
5561 Føresvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fjord1 AS

Referansenr.: 5174081306
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.09.2026