Sjukepleiar 100% - Heimetenesta Sør

Kvinnherad kommune Heimetenester Husnes · Rosendalsvegen 10, ROSENDAL

Sjukepleiar – 100 % fast stilling

Heimetenesta Sør

Har du ei lidenskap for å hjelpe andre – og trivst best når du får gjere ein forskjell i kvardagen til menneske som treng deg?
Likar du å vere på farten, kjenne friheita på vegen og jobbe sjølvstendig i vakre omgivelser? Då trur me du vil trivast hos oss!

Hos oss i Heimetenesta Husnes/Halsnøy får du ein arbeidskvardag fullt av gode møter, faglege utfordringar – og mykje meistring. Me søkjer deg som er engasjert, trygg og som vil vere med å skape tryggleik i heimane til pasientane våre.

Her får du bruke både fagkunnskapen, medmennesket og bilføraren i deg.

Kven er vi?

Kvinnherad kommune er kjend for varme og gode tenester – og eit fagmiljø som vil meir. Heimetenesta på Halsnøy og Husnes jobbar tett saman, og me er stolte av å ha eit inkluderande fellesskap der alle hjelper kvarandre å lukkast.

Me held til midt i nydelig vestlandsnatur med fjell, fjordar og flotte turstiar rett utanfor døra. Perfekt for deg som set pris på frisk luft og ro mellom vaktene.

Om stillinga

100 % fast stilling

Todelt turnus (dag/kveld)

Moglegheit for langvakter i årsturnus

Arbeidsstad: Heimetenesta Husnes/Halsnøy

Vi ser etter deg som

Har autorisasjon som sjukepleiar

Har eit ekte engasjement for eldre og sårbare menneske

Trivst med å vere ute og køyre – hos oss er bil ein naturleg del av arbeidskvardagen

Er både trygg og sjølvstendig, men trivst like godt i samarbeid med andre

Held hovudet kaldt og hjartet varmt når kvardagen endrar seg

Ser utvikling som ei moglegheit – og er nysgjerrig på bruk av ny teknologi

Bidrar til eit positivt, inkluderande arbeidsmiljø

Vi tilbyr

Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag

Eit godt kollegafellesskap med støttande og erfarne medarbeidarar

Fokus på fagleg utvikling, inkludert velferdsteknologi

Opplæring, støtte og grundig innføring i arbeidsoppgåver

Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår gjennom KLP

Gode arbeidstilhøve i eit trygt og inkluderande miljø

Tilsetjing etter gjeldande kommunale vilkår (HTA/AML)

Kvifor velje Kvinnherad?

Etter eitt år i jobb kan du få sletta 25 000 kr av studielånet

Ingen eigedomsskatt

Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage

Eit eldorado for deg som likar fjell, fjord og friluftsliv

Gyldig politiattest må leggjast fram.

Vil du bli vår nye kollega?

Saman gjer me kvardagen trygg og god for dei som treng oss mest.

Link til søknadsskjema: Søk her