Helgestilling med arbeid kvar 4 helg i langvakter
OSTERØY KOMMUNE · Haus 8, HAUS

Om stillinga

Vi har ledig ei fast helgestilling med arbeid kvar 4 helg i langvaktturnus. Det gjer at vi har ein unik moglegheit til å rekruttere akkurat deg til oss i Raus Bufellesskap. Er du helsefagarbeidar, eller kanskje sjukepleiar- eller vernepleiarstudent er dette kanskje noko for deg? Dette er ei ypperleg moglegheit for helsefaglege studentar å arbeide medan ein studerer. Eller kanskje du brenn for å skape ein betre kvardag for andre menneske?

Stillinga er ein fast stilling med arbeid i langvakter og arbeid kvar fjerde helg. Med langvakter hos oss i Raus Bufellesskap jobbar du kl. 09-21 i kvardager og kl. 11-21 i helg. Langvakter bidrar til å skape kontinuitet i arbeidet med brukarane våre, samstundes som det skaper ein forutsigbar turnus for dei tilsette med lengre friperiodar.

Raus bufellesskap er i eininga Psykisk helse og rusomsorg i Osterøy kommune. Eininga består av psykiatrisk heimeteneste, kommunalpsykolog, Veksttunet Valestrand og bufellesskapet Raus.

I bufellesskapet er det 6 leiligheiter fordelt på 2 hus. I hus 1 jobber det ein døgnvakt og ein langvakt. I hus 2 jobbar det 2 stk i døgnvakt. Du vil bli del av eit arbeidsmiljø med inkluderande, trygge og fagleg kompetente kollegaer, som bidrar positivt i kvardagen for våre bebuarar. Det er i tillegg nokre bustadar knytt til bufellesskapet som får oppfølging. Bufellesskapet gjer tenester til vaksne personer med psykiske lidingar og/eller rusproblematikk.

Oppgåver i stillinga kan til dømes vera

Gje bistand til bebuararne i dagleglivets aktivitetar

Bidra til å skape eit godt sosialt fellesskap

Ha fokus på aktivitet i kvardagen

Medikamenthandtering

Styrke det sosiale nettverket til bebuarane

Skape trygge og gode omgjevnader til brukarne

Miljøterapautiske tiltak

Lista er ikkje uttømmande.

Vi tilbyr

Ein arbeidstad i naturskjønne omgjevnadar i nydelege Haus

Høgt fagleg kolleganivå og eit godt arbeidsmiljø

Stor fagleg variasjon

Osterøy kommune er ein IA-verksemd

Gode forsikrings- og pensjonsordningar, for tida hjå KLP

Gode parkeringsmoglegheiter. Kjem du med buss/kollektiv transport, er arbeidsstaden i umiddelbar nærleik til busshaldeplass.

Kvalifikasjonskrav

Personleg eignaheit blir vektlagt

Det er ønskjeleg med erfaring med brukargruppa

Grunnkurs (12-timar) og medikamenthandteringskurs må vere bestått, eller takast innan kort tid etter oppstart

Førarkort klasse B

Søkjarer utenfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skrifteleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk

Kven er du?

Du må kunne arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta

Gode samarbeidsevner

Du er punkleg, til å stole på og er lojal mot fellesbeslutningar

Personleg egnethet vil vært vektlagt

Du er nysgjerrig, open og har evne til å refektere

Du er påliteleg, engasjert og ynskjer å bidra til gode opplevingar for våre brukarar

Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggja fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.

Kommunen har 6 mnd prøvetid ved tilsetting

Offentleg tenestepensjon

I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!

Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!