Vil du bidra til at fleire får moglegheit til å delta i arbeidslivet?
Seniorrådgivar // Nav Bergen sentrum · Møllendalsveien 8, BERGEN

Vi søkjer to engasjerte og løysingsorientert seniorrådgivarar som vil bli med på å styrke arbeidsinkluderinga i Bergensregionen.

Hos oss får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av Nav sine tenester retta mot arbeidsgivarar. Gjennom aktiv kontakt med verksemder skal du bygge sterke relasjonar i næringslivet, løyse rekrutteringsoppdrag og bidra til at fleire arbeidssøkarar kjem i jobb. Du vil fungere som eit bindeledd mellom Nav og arbeidslivet og vere ein viktig samarbeidspartnar for både arbeidsgivarar og kollegaer i Nav-kontora i regionen.

I rolla vil du òg representere Nav på ulike møteplassar og arrangement, dele arbeidsmarknadskompetanse internt og bidra til å styrke Nav si rolle som ein synleg og attraktiv samarbeidspartnar for arbeidsgivarar.

I avdeling for arbeidsinkludering og kvalifisering blir du ein del av eit lag med 15 engasjerte og dedikerte fagpersonar. Saman arbeider vi kvar dag for å gi jobbsøkarar nye moglegheiter i arbeidslivet gjennom inkludering, kvalifisering og samarbeid med arbeidsgivarar i tråd med behova i arbeidsmarknaden.

Hos oss får du arbeide både sjølvstendig og i team, med stor fridom til å forme din eigen arbeidskvardag. Framfor alt får du høve til å gjere ein reell forskjell – for enkeltmenneske, arbeidsgivarar og samfunnet.

Kva går jobben ut på?

Etablere og styrke relasjonar til arbeidsgivarar og bidra til gode og likeverdige tenester i regionen

Skape og utvikle samarbeid med arbeidsgivarar for å fremme inkludering av arbeidssøkarar frå Nav sine prioriterte målgrupper

Bistå arbeidsgivarar med å løyse rekrutteringsoppdrag ved å kople aktuelle kandidatar til ledige stillingar

Representere Nav i eksterne forum, i møte med næringslivet og mot andre samarbeidspartnarar

Planlegge og delta på møteplassar for arbeidsgivarar og arbeidssøkarar, som til dømes rekrutteringstreff og jobbmesser

Vere ein ressursperson og bidra til auka arbeidsmarknadskompetanse internt i Nav-kontora

Vere pådrivar for å utvikle og styrke arbeidsgivarsamarbeidet saman med Nav-kontora i regionen, kommunen, fylkeskommunen og andre samarbeidspartnarar

Samarbeide tett og tverrfagleg med kollegaer i avdelinga for å skape moglegheiter for Nav sine prioriterte målgrupper.

Nav er i stadig utvikling, så variasjon og endringar i arbeidsoppgåvene må påreknast.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha

Fullført utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan fagområde som marknadsføring, HR, økonomi og administrasjon eller samfunnsfag. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet.

Erfaring frå arbeid med arbeidsinkludering, rekruttering eller bemanning

Gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg

Det er ønskeleg at du har

Erfaring frå samarbeid med næringslivet og forståing for arbeidsgivarar sine behov knytt til bemanning

Erfaring med utoverretta kommunikasjon og representasjon, til dømes gjennom møte med arbeidsgivarar, nettverksarenaer eller jobbmesser

God kjennskap til Nav sitt samfunnsoppdrag og tenestetilbod

Kva ser vi etter hos deg?

Trivst med formidling og kunnskapsdeling

Evne til å engasjere og byggje relasjonar

Initiativrik og strukturert

Arbeider godt både sjølvstendig og saman med andre

Kvifor velje oss?

Moglegheit til å gjere ein forskjell, i ein organisasjon med eit særs viktig samfunnsoppdrag

Spennande jobb i eit innovativt arbeidsmiljø, prega av kompetanse og marknadsorientert innstilling

Opplæring, kurs og kompetanseheving

Aktive, engasjerte og inkluderande kollegaer i eit godt og utviklingsorientert arbeidsmiljø

Fleksitidsordning med moglegheit for heimekontor og trening i arbeidstida

Stilling som seniorrådgivar i stillingskode 1364, med lønnsspenn frå kr. 694 000 til kr. 750 000 pr år. For særleg kvalifiserte søkjarar kan noko høgare løn vurderast.

God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse

Les meir om Nav som arbeidsgivar

Kontaktinformasjon
Maj-Nan Tørrisplass, Avdelingsleder Arbeidsinkludering og kvalifisering, 982 64 835, maj-nan.torrisplass@nav.no

Arbeidssted
Møllendalsveien 8
5020 Bergen

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5153878877
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.09.2026