Rådgivar/seniorrådgivar forureiningstilsyn
STATSFORVALTAREN I ROGALAND · Lagårdsveien 44, STAVANGER

Om stillinga

Miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren er regional statleg miljøvernmynde og arbeider for gjennomføring av nasjonal miljøvernpolitikk i Rogaland. Vi arbeider mellom anna med naturvern, naturforvaltning, forureining, uttalar til regionale og kommunale planar etter plan- og bygningslova.

Statsforvaltaren i Rogaland skal gjennom dialog og skriftlege uttalar, formidle styringssignal og nasjonale forventningar til kommunale og fylkeskommunale planar. Vi skal også samordne våre uttalar med andre statlege regionale instansar.

Avdelinga har 36 tilsette med stort engasjement for miljø, natur, klima og plan, og desse er inndelt i to fagområde med kvar sin fagleiar, fagområde natur og fagområde forureining.

Sakshandsaming etter forureiningslova er knytt til å behandle søknadar om utsleppsløyve og rettleiing. Statsforvaltaren fører tilsyn for å kontrollera at verksemdene følgjer vilkår i løyvet. Tilsyn er eit viktig verkemiddel som bidrar til at forureiningsregelverket vert etterlevd. Vi skal medverke til gjennomføring av nasjonal miljøvernpolitikk.

Miljøvernavdelinga har ledig ei stilling som rådgivar/seniorrådgivar innan forureiningstilsyn. Det er ønskeleg med tiltreding så snart som råd.

Arbeidsoppgåver

Aktuelle arbeidsoppgåver for stillinga er:

tilsyn, tilsynsrapportar og anna oppfølging av verksemder med løyve etter forureiningslova og verksemder regulert av forskrift der Statsforvaltaren er forureiningsmynde.

formidling av nasjonal politikk med vekt på rettleiing av industri, kommunar, regionale myndigheiter og andre relevante aktørar

informasjonsarbeid i form av foredrag på seminar og møter

Kvalifikasjonskrav

Vi ønskjer oss ein dyktig medarbeidar som

har relevant utdanning på mastergradsnivå eller høgare, med fagleg tyngde innan realfag/teknologi. Utdanning på lågare nivå kan kompenserast med relevant erfaring

kjennskap til forureiningsregelverket

tilsynserfaring er ein fordel

trivst med tverrfagleg arbeid

uttrykkjer seg klart skriftleg og munnleg, på begge målformer

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

samarbeider godt og byggjer gode relasjonar

er strukturert, sjølvstendig og løysningsorientert

har ein trygg og tydeleg kommunikasjon

trivst med varierte oppgåver og ansvar

Vi legg vekt på at du er personleg eigna for stillinga.

Det må påreknast reise for å gjennomføre tilsyn. Du bør derfor ha sertifikat for personbil klasse B.

Vi tilbyr

lønn som rådgivar/seniorrådgivar, kr 620 000 - kr 750 000 pr år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte kan høgare lønn vurderast

fleksibel arbeidstid og gode arbeidsvilkår i staten

god pensjonsordning (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna) gruppelivsforsikring og moglegheit for bustadlån gjennom Statens pensjonskasse. Les meir om ansatt godane på spk.no/medlemskap-i-spk

gode høve til fagleg utvikling og til å utvikle fagleg nettverk

varierte, interessante og samfunnsnyttige arbeidsoppgåver

triveleg arbeidsmiljø i Statens Hus sentralt i Stavanger

HjemJobbHjem-ordning

6 månaders prøvetid

Mangfold og inkludering

Vi ønskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av bakgrunn. Vi legg til rette ved behov.

Slik søkjer du

Alle som søkjer stillinga, må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attester. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT.

Offentleg søkjerliste utarbeidast etter søknadsfristens utløp. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjerliste må dette grunngjevast. Du vil få varsel om reservasjon ikkje tas til følgje.