Likar du å jobba med reinhald? Er du opptatt av å halda det reint? Er du brennande opptatt av kvalitet?

Suldal kommune Teknisk drift · Sandsvegen 122/Garaneset 38, SAND

Me søkjer deg som er ute etter ein spennande arbeidskvardag, er ansvarsfull og likar å jobba med eit fysisk krevjande yrke. Du gjer ting nøye og kvalitet er viktig for deg.

Me har ledig fast stilling som reinhaldsoperatør på Suldal sjukeheim frå og med 01.10.2026.

Reinhaldsavdelinga ligg under Teknisk Drift.

Om stillinga:

Stillingsstorleik: 100%

Stillingstype: Fast

Arbeidsstad:  Suldal sjukeheim

Arbeidsstad/oppmøtestad kan bli endra dersom andre bygg må prioriterast.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver er dagleg og periodisk reinhald

Arbeidsdagar er måndag – fredag mellom 07.00 og 17.00.

Arbeidet vert utført på dagtid.

Kvalifikasjonar:

Erfaring innan reinhaldsfaget

Fagbrev som reinhaldsoperatør.

Andre kan og søkja men vil då bli tilsett som reinhaldar.

Kunna arbeide sjølvstendig og trivast med å arbeide saman med andre.

Kunna planleggja eigen arbeidsdag, vera løysingsorientert og fleksibel.

Evne til å takle ulike utfordringar som andre kan ha

Evne til samarbeid med andre yrkesgrupper

Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Førerkort klasse B

Hjå oss i Suldal kommune får du:

Gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP

Bedriftshelseteneste

Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk

Nynorsk som administrasjonsspråk

Andre opplysningar:

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju

Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltreding. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar

Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa.

Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentlieggjering  av søkjarliste

Slik søkjer du

Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.

Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.

Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.

Treng du hjelp, kan du venda deg til Servicetorget på tlf 52 79 22 00

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.

Link til søknadsskjema: Søk her