Sommar- og tilkallingsvikarar
BUFETAT MIDT-NORGE BEDRIFTSIDRETTSLAG · Kompani lingesvei 23 , HAFRSFJORD

Om stillinga og arbeidsstaden

Stavanger akuttsenter har to akuttinstitusjonsavdelingar for ungdom mellom 13 og 18 år, lokaliserte på Madla (5 plassar) og Røyneberg (3 plassar). Vi søkjer no etter sommar- og tilkallingsvikarar. Er du under utdanning, har ein relevant bachelorgrad, eller har erfaring frå liknande arbeid, bør du ta ein kikk på denne annonsen!

Hos oss vil du få ein variert og spennande arbeidskvardag. Vi jobbar etter eit felles fagleg rammeverk som byggjer på grunnleggjande miljøterapi, og har som målsetjing å skape positiv utvikling gjennom trygge relasjonar, tydelege rammer og støtte til å regulere tankar, kjensler og åtferd.

Som sommar-/tilkallingsvikar hos oss får du bidra til å gi ungdom tryggleik, struktur og omsorg. Du blir ein viktig vaksen i kvardagen til barna, og får bli ein del av eit dedikert fagmiljø som tek samfunnsoppdraget på alvor og jobbar målretta for å skape stabile og utviklande rammer.

Avdelingane har turnus som omfattar dag- og kveldsvakter (8–16 timar), nattevakter samt statleg langturnus (2–7, 2–7, 3–7).

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil mellom anna bestå av:

å bidra til at ungdommane våre får ein trygg og stabil kvardag

planlegging og gjennomføring av miljøterapeutiske tiltak og aktivitetar

dokumentasjon

praktiske gjeremål ved eininga

Stillinga kan òg bli tillagd andre relevante oppgåver ved behov.

Kva slags bakgrunn har du?

For å arbeide som sommar-/tilkallingsvikar hos oss må du oppfylle minst eitt av følgjande krav:

ha gjennomført bachelorgrad eller tilsvarande 180 studiepoeng innan relevante fagområde

vere i gang med treårig relevant høgskule-/universitetsutdanning

ha gjennomført treårig vidaregåande skule, eller ha fagbrev som omsorgsarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar, og ha minst tre års relevant arbeidserfaring frå barnevernsinstitusjon, andre barnevernstiltak med døgnbemanning eller tilsvarande omsorgstiltak i døgnbaserte tenester

I tillegg må du ha:

god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

gode IT-ferdigheiter

førarkort klasse B

fysisk og psykisk helse som er foreinleg med krava til tryggleik og sikkerheit i barnevernsinstitusjon

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som trivst med å vere tett på ungdom, og som forstår at omsorg og tryggleik blir skapte i alle møte og situasjonar. Du er tydeleg og trygg i rolla, har evne til å setje grenser og stå i dei, og samarbeider godt med andre som ein del av eit team.

Du er engasjert og kreativ, har lyst og pågangsmot til å bidra til meiningsfulle aktivitetar saman med ungdommane om sommaren, og er samstundes initiativrik og merksam på kva som trengst i kvardagen. For oss er det viktig at du passar godt til rolla som sommar- og/eller tilkallingsvikar, og personleg eignaheit vil derfor bli tillagd stor vekt i den samla vurderinga.

Kva får du hos oss?

Stillingane er plasserte i det statlege lønnsregulativet i stillingskode 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 – 640 000 per år. Andre brukarrette fagspesifikke stillingskodar med same lønsplassering kan nyttast i samsvar med det statlege lønnsregulativet og lokal lønspolitikk for Bufetat. Dersom du i tillegg har minst 60 studiepoeng relevant vidareutdanning, vil stillingskodane 1185, 1509, 1510 og 1534 vere aktuelle, p.t. kr 540 000 – 690 000 per år.

Dersom du ikkje har relevant bachelorutdanning, vil du bli plassert i stillingskode 1486 miljøarbeidar, 1488 miljøterapeut eller 1203 fagarbeidar med fagbrev, p.t. kr 420 000 – 560 000 per år.

I tillegg kjem turnuskompensasjon i samsvar med tariffavtalane i staten. Lønsplassering og stillingskode blir vurderte ut frå utdanning og erfaring.

Vi kan òg tilby:

medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte

gode samarbeidsrelasjonar, samt dyktige og motiverte medarbeidarar

eit engasjert og godt fagleg miljø der du vil ha gode støttespelarar i arbeidskvardagen

deltaking i teamarbeid med terapeutar og leiing

gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling

gratis parkering ved eininga

I tillegg til dette får du vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn, ungdom og familiar eit endå betre tilbod, og det meiner vi har stor verdi i seg sjølv.

Opplysningar til deg som søkjer

Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.

Stillinga er for tida lagd til Stavanger akuttsenter.

Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.

Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.

Prøvetid i samsvar med Statens personalhandbok.

Du må oppgi minimum to referansar av fagleg relevans og nyare dato.

Sjølv om det er sett ein konkret søknadsfrist, vil vi intervjue og rekruttere kvalifiserte søkjarar fortløpande.

Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.

Kva skal søknaden din innehalde?

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenkje på denne sida.

For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Ber også om at du legger inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.