Vernepleiar fast stilling
Tenesteområde Butenester · Brattvåggata 19, BRATTVÅG

Butenesta i Haram søkjer vernepleiar i 100 % fast stilling. Stillinga er for tida plassert ved Haram bustader 1.
Vi tilbyr spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø. Turnus er for tida dag- og kveldsvakter, samt arbeid kvar 3. helg.

Hovudkontoret vårt ligg i Brattvåggata 19. Haram bustader yter i hovedsak tenester til menneske med psykisk utviklingshemming, og vi har fokus på fagutvikling og kompetanseheving. Hos oss får du jobbe i eit miljø som er opptatt av samarbeid, tryggleik og utvikling. Butenesta er god på punkttenester.
Butenesta skal i ein 4-årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til rettleiaren "Gode helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som vernepleiar får du vere ein del av dette arbeidet.

Haram bustader består av tre avdelingar: Haram bustader 1 som består av bustader, Haram bustader 2 som består av bustader og Solbakken bukollektiv og dagsenter. Vi har også ei avdeling som består av barnebustad og barneavlastning.

Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.

Arbeidsoppgåver

Utarbeide, iverksette og evaluere mål og tiltak for tenestemottakarane og tenesta.

Sikre tenestemottakarar ein god heim med tenester i tråd med deira behov og ønskje.

Direkte tenesteyting i medhald til vedtak, planar, rutinar og prosedyrer.

Ivareta dokumentasjonsplikta.

Legemiddelhandtering.

Samarbeid med pårørande, verger og eksterne samarbeidspartnarar.

Bidra til fagutvikling i tenesta.

Rettleiing av kollegaer, tenestemottakarar, pårørande, studentar og elevar

Oppfølging og saksbehandling av vedtak etter Helse- og omsorgstenestelova kap. 9.

Kvalifikasjonar

Autorisasjon som vernepleiar.

Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.

Må ha gyldig politiattest.

Førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar

Du må vere oppteken av å yte gode tenester.

Du må vere opptatt av fag.

Du er ein aktiv bidragsyter til eit godt arbeidsmiljø.

Er pliktoppfyllande og sjølvgåande.

Evnar å bygge relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.

Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

Ein kjekk arbeidsplass med moglegheit for personleg og fagleg utvikling

Rom for å vere kreativ

Løn etter gjeldande tariffavtale

Jobb i eit miljøterapeutteam i lag med 5 andre miljøterapeutar i Haram bustader 1, samt helsefagarbeidarar og assistentar

Kontaktinformasjon
Susanne Kristin Snipsøyr, Avdelingsleiar Haram bustader 1, 90016534, Susanne.Kristin.Snipsoyr@haram.kommune.no
Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.no

Arbeidsstad
Brattvåggata 19
6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5136239772
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 17.08.2026
Søknadsfrist: 28.06.2026