Er du på leit etter ny og innhaldsrik jobb?

Vindafjord kommune Solbakken · Rådhusplassen 1, ØLEN

Me har no ledig 100% vikariat i perioden 01.10.26 til 28.02.2028 ved avdeling Solbakken.

Tilrettelagte tenester gjev tenester etter vedtak heimla i helse-og omsorgstenestelova; Bistand i heim og i bufellesskap med heildøgnstenester, avlastning, støttekontakt samt dagtilbod ved Gnisten arbeids- og aktivitetssenter. Det er tre avdelingar i tilrettelagte tenester. To av desse er heildøgnsbemanna bufellesskap der ein og har ansvar for miljøarbeid og praktisk bistand til private bustader utanom bufellesskapa.

Eining tilrettelagte tenester gjev målretta miljøarbeid. Tenestene er personleg, sosialt og fysisk tilpassa enkeltmenneske sitt behov. Formålet er å fremje personleg eigenmestring og deltaking på lik linje med andre i samfunnet.

Kva får du jobba med hos oss?

Gje meiningsfull praktisk hjelp og bistand etter vedtak /tiltak etter brukaranes behov.

Jobbe tett saman med andre miljøterpeutar, fagarbeidarar og assistentar i team.

Bidra til eit godt arbeidsmiljø og kontinuerleg utvikling av tenestene våre.

Me kan tilby:

Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.

Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.

Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.

Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.

Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.

Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Eigen helgeavtale: Meir lønn for fleire helgetimar du arbeidar - gjerne gjennom langvakter tredje kvar.

Kompensasjon om du er veiledar til lærlingar.

Kvalifikasjonar:

Autorisasjon som vernepleiar er ønskjeleg.

Autorisert sjukepleiar, sosionom eller autorisert helsefagarbeidar kan også vurderast.

Ufaglærte kan komma i betraktning dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkarar i dei nemnde gruppene. Stillingskoden blir då assistent.

Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.

God IKT kompetanse og erfaring med elektronisk pasientjournal vil vera ein fordel.

Me tenkjer at du:

Er ein positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet, med bevissthet rundt korleis du sjølve påverkar kollegaene dine sin arbeidskvardag.

Søkjer kontinuerleg forbetringar for både bebuarar og personell- er løysingsorientert.

Er framoverlent og leitar etter rette tiltak for å gje gode tenester til bebuarane.

Har interesse for faget og held deg oppdatert.

Likar å finne nye måtar å arbeide på!

Evne til å ta imot og gje rettleiing.

Evne til refleksjon.

Evnte til å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta.

Fleksibel

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.

Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse.

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Link til søknadsskjema: Søk her