Vil du bli vår nye maskinsjef?
Maritim Drift, Fjord1 AS · VALLDAL

Fjord1 har no ei ledig stilling som maskinsjef i sambandet Eidsdal - Linge, p.t. trafikkert av vår nybygde EL-ferje MF Norddalsfjord.

Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet.

Attraktiv turnus: 2 veker på, 2 veker av. Kvileordning på nattskift og lange samanhengande friperiodar gir god balanse mellom jobb, familie og fritid. For dei som ønskjer å pendle, blir det utbetalt køyregodtgjersle for halvparten av reisene til og frå jobb. Ved behov er det også moglegheit for hybelordning i Eidsdal.

Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande!

Arbeidsoppgåver

Teknisk leiar med ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav.

Vedlikehalde av maskineri/komponentar i henhald til AMOS vedlikehaldssystem.

Samarbeid med skipsførar for å sikre at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden.

Opplæring av personell under si leiing.

Oppgåver knytt til alarminstruks.

Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt.

Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar.

Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn.

Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav.

Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde.

Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert.

Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde.

Kvalifikasjonar

Minimum M3-sertifikat

Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta

Krise- og passasjerhandtering

Gyldig helseerklæring

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.

Vi tilbyr

Gode lønsvilkår i tråd med lokale protokollar.

Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.

Attrakive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar

Skiftordning: 12/12 turnus - 2 uker på, og 2 uker av.

Kontaktinformasjon
Jill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, +47 +4794082518

Arbeidsstad

6210 Fjord

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 5152402282
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.09.2026