Vi søkjer sjukepleiar!
Intensiv sengepost, Haugesund Sjukehus · Karmsundgata 120, HAUGESUND

❤️ Bli ein del av vårt engasjerte intensivteam!
Ønskjer du å utvikle deg innan intensivsjukepleie og få verdifull erfaring i eit spennande og høgt kompetent fagmiljø? Då kan dette vere moglegheita for deg.

Hos oss får du arbeide tett på kritisk sjuke pasientar i ei moderne intensivavdeling, samtidig som du blir ein del av eit inkluderande team med stort fagleg engasjement. Stillinga gir ei unik moglegheit til å bli kjent med intensivfaget og vurdere vidare utdanning innan intensivsjukepleie.

📍 Stillinga er i 3-delt turnus med arbeid kvar tredje helg.
Intensiveininga er ei kombinert intensiv- og postoperativ avdeling og er ein del av Anestesi-, intensiv- og operasjonsavdelinga i Kirurgisk klinikk.

✨Hausten 2021 flytta vi inn i heilt nye og moderne lokale ved Haugesund sjukehus, med utstyr og fasilitetar som legg til rette for avansert pasientbehandling, fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø.

Kjenner du deg igjen i dette? Då håpar vi du søkjer!

Kva går jobben ut på?

Sjukepleie til kirurgiske og medisinske intensivpasientar.

Overvåke, vurdere og følgje opp pasientar med avanserte medisinske og tekniske behandlingsbehov.

Gi postoperativ sjukepleie og bidra til trygg og god oppfølging etter operasjon.

Samarbeide tett i tverrfaglege team for å sikre best mogleg behandling i pasientforløp.

Bidra til fagleg utvikling og lære meir om intensivfaget i eit miljø med høg kompetanse.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Norsk autorisasjon som sjukepleiar.

Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse

Interesse og eller erfaring med medisinsk teknisk utstyr

Gode munnlege og skriftlege norskkunskapar.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

Likar ansvar og arbeidar godt både sjølvstendig og i team

Trivst med ein variert og innhaldsrik arbeidskvardag

Held hovudet kaldt og tek gode vurderingar når det er travelt

Er fleksibel og open for nye utfordringar

Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og godt samarbeid

Vurderer vidareutdanning innan intensivsjukepleie

✨ Kvifor skal du velje oss?

Bli ein del av eit engasjert og inkluderande arbeidsmiljø der samarbeid, trivsel og fagleg støtte står sterkt.

Arbeid saman med fagleg dyktige og omtenksame kollegaer som deler kunnskap og heiar på kvarandre.

Gode moglegheiter for opplæring og fagleg utvikling, enten du ønskjer meir erfaring innan intensivfaget eller vurderer vidareutdanning.

Høg fagleg kompetanse og spennande arbeidsoppgåver i ei moderne intensiv- og postoperativ avdeling.

Gode pensjons- og forsikringsordningar, inkludert yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.

Ein unik kombinasjon av karriere og livskvalitet, med nærleik til både fjord, fjell og eit rikt fritidstilbod.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon
Hege Østensjø, Funksjonsleiar, +47 52732670

Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5178887990
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 18.01.2027
Søknadsfrist: 02.10.2026