Reinhalder
VAKSDAL KOMMUNE · Konsul Jebsensgate 16, DALEKVAM

Om stillinga

Vaksdal kommune søker ein reinhaldar i 100% fast stilling til reinhald av kommunale bygg, med ønske om tiltreding så snart som mogleg. Stillinga omfattar dagleg og periodisk reinhald, og vil vere ein viktig del av arbeidet med å sikre reine, trivelege og hygieniske lokale for innbyggarar, tilsette og brukarar av kommunen sine tenester. For tida er stillinga knytt til reinhald ved ulike kommunale bygg i heile Vaksdal kommune, og det må difor påreknast varierte arbeidsstader og arbeidsoppgåver.

Arbeidsoppgåver

Dagleg og periodisk reinhald av kommunale bygg.

Sørge for at lokala held god hygienisk standard.

Bruk og vedlikehald av reinhaldsutstyr og maskiner.

Følge gjeldande reinhaldsplanar, rutiner og HMS-krav.

Samarbeide med kollegaer og andre tilsette ved dei ulike arbeidsstadene.

Kvalifikasjonskrav

Fagbrev innan reinhald er ønskeleg.

Relevant erfaring frå reinhaldsarbeid vil bli vektlagt.

Må ha førarkort klasse B.

God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Godkjent politiattest.

Personlege eigenskapar

Du er påliteleg, strukturert og tar ansvar.

Du kan arbeide sjølvstendig og samstundes samarbeide godt med andre.

Du har auge for reinhald, orden og kvalitet.

Du er fleksibel og trivst med varierte arbeidsoppgåver og arbeidsstader.

Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Individuell oppfølging.

Gode moglegheitar for støtte til utdanning.

Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg.