Voss sjukeheim langtidsavdelinga

Voss herad Voss sjukeheim langtidsavdelinga · Sjukehusvegen 15, VOSS

Voss sjukeheim er lokalisert under område vest, vegg i vegg med Voss sjukehus. Voss sjukeheim ligg sentrumsnært med gangavstand til Voss sentrum og tog-/busstasjon.
Område vest består av ei langtidsavdeling og ein kombinerande avdeling med heimeteneste og korttidsavdeling. Utlysinga gjeld for langtidsavdelinga på Voss Sjukeheim 3. og 4. etg. Turnus er to-delt med arbeid 3. kvar helg, evt 4. kvar helg i langvakter.
Tillitsmodellen ligg til grunn for vårt pasientarbeid. Me jobbar etter årsturnus som sikrar forutsigbarheit for den tilsette, og kontinuitet for våre brukarar.

Me tilbyr

stillingsprosent etter ynskje

rekrutteringstillegg på kr 30 000 for 100% stilling som sjukepleiar i turnus

tilrettelagt turnus

gode vilkår for fagleg utvikling

eit godt tverrfagleg og sosialt miljø

yrkesskade- og gruppelivsforsikring

gode pensjonsordningar

løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Kvalifikasjon

off.godkjent/autorisert sjukepleiar. Sjukepleiarstudentar og også velkomen til å søkja

Me ynskjer

ein god engasjert off.godkjent/autorisert sjukepleiarkollega til å jobbe ilag med eit fagleg dyktig og godt arbeidsteam i langtidsavdelinga

at du må ha gyldig arbeids- og opphaldstillatelse

at du innehar gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg

at du er fleksibel og villig til å ta ansvar

at du kan delegere og administrere oppgåver og bidra til eit positivt, utviklande og spennande miljø.

at du er fagleg dyktig og du kan gjerne med relevant vidareutdanning

Personlege eigenskapar som vert vektlagt

Arbeidsoppgåver

sjukepleiaransvar både dag og kveld

pleie og omsorg til våre brukarar/pasientar

varierte sjukepleiarfaglege oppgåver

tett samarbeid med sjukeheimslege

medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø

dokumentasjon, journalføring, tiltaksplanar og rapportsystem

rettleiingsansvar for kollegaer, lærlingar, elevar og studentar

pådrivar for kompetanseheving og deltar aktivt i internundrevisingsopplegg

endringsarbeid for å utvikle og forbetre tenestene våre. Herunder vedtakspraksis.

arbeid med fokus på brukarmedverknad og kva som er viktig for kvar enkelt i kvardagen

arbeid med velferdteknologi

Ta gjerne kontakt på tlf for spørsmål om stillinga! Søknadar vert handtert fortløpande.

Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.

Link til søknadsskjema: Søk her