Spesialist i oral protetikk ved Haukeland sjukehustannklinikk
VESTLAND TANNHELSETENESTE · Årstadveien 19, BERGEN

Har du lyst til å bli del av eit stort og spennande fagmiljø? Då kan stilling ved tannklinikken på Haukeland vere noko for deg!

Klinikken er ein del av TkVestland, eitt av fem regionale kompetansesentre i Norge. Vi tilbyr spesialisttannhelsetenester til befolkninga i Vestland. Vi har eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse innan alle odontologiske disiplinar.

Ved klinikken på Haukeland vil du jobbe tett i tverrfaglege team saman med spesialistar og erfarne kollegaer. Pasientane våre er i hovudsak tilviste frå offentlege og private tannklinikkar, og behandlingstilbodet omfattar både utgreiing og avansert behandling. Vi har òg eit sterkt fokus på praksisnær fagutvikling og kunnskapsdeling.

TkVestland har moderne fasilitetar i Årstadvegen og ved Haukeland sjukehus. Vi er omlag 45 tilsette.

Arbeidsoppgåver

Haukeland tannklinikk er Vestland fylkeskommune si tannklinikk ved kjevekirurgisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus. Vi behandlar pasientar med samansette og krevjande behov, og søkjer no ein spesialist i oral protetikk til eit engasjert og tverrfagleg fagmiljø.

Som protetikar vil du arbeide med rehabilitering av pasientar etter kreftsjukdom, store traume og behandling av pasientar med leppe-kjeve-ganespalte. Pasientane våre har ofte samansette behov og er sjuke eller immobile.

Du arbeider tett saman med andre spesialistar og sjukepleiarar i oral kirurgi og oral medisin om felles vurderingar etter tilvising, og du deltek i tverrfaglege team der fleire kollegaer samarbeider om den beste behandlinga for kvar enkelt pasient.

Timeboka er variert og kan endre seg gjennom dagen, noko som gjer at du må evne å handtere det uforutsette med fagleg tryggleik.

Som protetikar hos oss vil du også delta i utadretta verksemd, kompetanseheving og eventuelle andre oppgåver som er i tråd med samfunnsoppdraget til kompetansesenteret.

Kvalifikasjonar

Du må ha norsk autorisasjon som spesialist i oral protetikk

Det er ønskjeleg med relevant arbeidserfaring som protetikar

Gode formidlingsevner, både munnleg og skriftleg

Behersker norsk som arbeidsspråk, skriftleg og munnleg

Den som vert tilsett i tannhelsetenesta, må leggje fram gyldig politiattest

Personlege eigenskapar

Du er ein spesialist som set pasienten i sentrum og som trivst med å jobbe tett på menneske med samansette og krevjande behov.
Vi ser etter deg som:

arbeider sjølvstendig, strukturert og målretta, og tek ansvar for eiga fagutøving.

møter pasienter med respekt og omsorg.

kommuniserer tydeleg og skapar tryggleik hjå pasientar, pårørande og kollegaer.

bidreg aktivt i tverrfaglege team og er ein ressurs for fellesskapet.

er nysgjerrig og engasjert i fagleg utvikling og deler gjerne kompetansen din med andre.

handterer ein variert arbeidsdag med ro og fagleg tryggleik.

Stillingsprosenten kan justerast ved særleg godt kvalifisert kandidat.

Vi tilbyr

Løn etter avtale.

Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Utfordrande oppgåver med mykje ansvar i eit sterkt tverrfagleg fagmiljø.

Gode mogelegheiter for fagleg utvikling.

Kontaktinformasjon
Marita Bjørkelund, Fung. klinikkleiar, 97592838, Marita.Bjorkelund@vlfk.no

Arbeidsstad
Årstadveien 19
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5151580953
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 16.09.2026