Rektor / Einingsleiar

SVEIO KOMMUNE · Sveiogata 70, SVEIO

Om stillinga

Sveio kommune lyser ut ei spennande stilling som rektor/einingsleiar ved Vikse skule.

Vikse skule ligg om lag 14 km frå Haugesund sentrum. Inneverande skuleår har skulen seks klassar på 1.–7. trinn, med til saman 82 elevar.

Som rektor ved Vikse skule får du leie ein barneskule i ein krins i utvikling, saman med 19 dyktige og motiverte medarbeidarar. Du blir ein del av skuleleiargruppa i kommunen og får ei sentral rolle i å drive og vidareutvikle skulen både fagleg, pedagogisk og organisatorisk.

Saman med dei andre skulane i Sveio arbeider Vikse skule i tråd med satsingsområda i kommunen sin kvalitetsutviklingsplan. Skulen har eit aktivt utviklingsarbeid med vekt på praktisk og variert opplæring, mellom anna gjennom bruk av uteområde og nærmiljø. To-lærar i norsk, matematikk og engelsk skal styrkje den tilpassa opplæringa og bidra til at flest mogleg elevar får eit inkluderande tilbod i klassen. Skulen satsar òg på lesing, varierte læremiddel og utprøving av valfag på mellomsteget for å fremje elevmedverknad og samarbeid på tvers av trinn.

Arbeidsoppgåver

leie og vidareutvikle Vikse skule som ein trygg, inkluderande og lærande organisasjon

vere skulen sin faglege og pedagogiske leiar, med elevane si læring, utvikling og trivsel i sentrum

leie det pedagogiske utviklingsarbeidet i tråd med kommunen sin kvalitetsutviklingsplan og skulen sine prioriterte satsingar

ha ansvar for personalleiing, kompetanseutvikling, arbeidsmiljø og samarbeid med tillitsvalde

ha delegert ansvar for budsjett, økonomi og forsvarleg drift av eininga

sikre godt samarbeid med elevar, føresette, tilsette, kommunen og relevante samarbeidspartnarar

følgje opp arbeidet med eit trygt og godt skulemiljø, og sikre at skulen arbeider i tråd med gjeldande lovverk og regelverk

Kvalifikasjonar

godkjend pedagogisk utdanning og undervisningskompetanse

undervisningserfaring frå skule

relevant leiarerfaring, gjerne frå skule

leiarutdanning er ønskjeleg. Søkjarar utan leiarutdanning må vere villige til å ta slik utdanning

erfaring med, eller god forståing for, personalleiing, budsjett- og økonomiarbeid

god kjennskap til skulen sitt samfunnsoppdrag og relevant lov- og regelverk

god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Personlege eigenskapar

Vi søkjer rektor / einingsleiar som

er ein tydeleg og trygg pedagogisk leiar som set elevane si læring, utvikling og trivsel i sentrum

kan forvalte skulen sine ressursar slik at dei støttar god opplæring og eit inkluderande læringsmiljø

er utviklingsorientert og nyttar forsking, erfaringskunnskap og kunnskap om eigen praksis i utviklingsarbeidet

evnar å leie gode utviklingsprosessar og involvere elevar, medarbeidarar og føresette

byggjer tillit, skaper engasjement og bidreg til ein felles kultur for læring og utvikling

Personleg eignaheit vil bli vektlagd

Andre opplysningar:

Godkjent politiattest må leggjast fram før ein tek til i stilling

Vi tilbyr

utfordrande og varierte arbeidsoppgåver

eit utviklingsorientert og støttande skulekontor

gode støttefunksjonar innan økonomi og personal

leiar- og rektorsamlingar med vekt på fagleg utvikling, leiarskap, erfaringsdeling og samarbeid

eit godt rektorkollegium prega av profesjonalitet, samhald og openheit

løn etter avtale

gode pensjons- og forsikringsordningar