Tilkallingsvikarar
BØMLO KOMMUNE HELSE- OG SOSIALADMINISTRASJON · Leirdalen 25, BREMNES

Har du lyst til å vera tilkallingsvikar på Bømlo bu- og helsesenter?

Bømlo bu- og helsesenter (BBH) er ein sjukeheim med både langtid- og korttidsplassar fordelt på 4 ulike pasientavdelingar; Post 1 Nord, Post 2 sør og Korttid- og rehabilitering (KOR) på Svortland, og Teiglandshagen bufellesskap som ligg lokalisert på Moster. I tillegg har me eigen kjøkkenavdeling og reinhaldsavdeling på helsehuset på Svortland. Alle våre avdelingar har i periodar behov for tilkallingsvikarar.

Ved BBH har me som mål å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning, eit godt arbeidsmiljø og arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande.

Er du student? Bømlo kommune har eiga ordning for studentavlønning. Legg difor ved dokumentasjon på oppnådd utdanning i din søknad.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil variera ut frå behovet i den aktuelle avdelinga:

KOR er ein aktiv avdeling med høg fagleg kompetanse og det er stor variasjon i pasientgruppa. Avdelinga har 16 korttid- og rehabiliteringsplassar. Avdelinga har eit veldig godt arbeidsmiljø og legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid med lege, heimetenesta, tenestekontor, samt ergo- og fysioterapitenesta.

Post 1 og Post 2 er to langtidsavdelingar med 34 og 32 plasser. Avdelingane har god fagdekning, høg kompetanse og eit godt arbeidsmiljø med arbeidsoppgåver som er både varierte og utfordrande.

Teiglandshagen er eit bufellesskap med 16 plassar for personar med demenssjukdom. Bufellesskapet ligg lokalisert i Mosterhamn. Avdelinga har god fagdekning, eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver. Deira mål er å gi god individretta pleie og behandling tilpassa den enkelte pasient, der det blir lagt stor vekt på aktivisering og målretta miljøarbeid.

Kjøkkenet har ansvar for å produsere middag til heimebuande og dei som bu på institusjonane. I tillegg har desse ansvar for kantinedrift på helsehuset og rådhuset.

Reinhald har ansvar for reinhald på heile helsehuset måndag til fredag.

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.

Kvalifikasjonar

Me søkjer:

Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar eller andre med fullført helsefagleg utdanning.

Studentar og elevar innan relevant helsefagleg utdanning. Dersom du ikkje tek utdanning innan helse er det ynskjeleg at du har erfaring med å jobba med menneske, men dette er ikkje eit absolutt krav. Søkjarar utan erfaring vert og vurdert.

Assistentar til korttid- og og langtidsavdelingane.

Kokk/kjøkkenassistent til kjøkkenet.

Assistentar til reinhald.

For arbeid på institusjon og i omsorgstenester må du helst ha fylt 18 år, men me kan vurdere søkjarar som er mellom 16-18 år og som er under helsefagleg utdanning.

Personlege eigenskapar

Du er glad i å jobbe med menneskjer og likar å hjelpe andre.

Du er fleksibel og løysingsorientert.

Du er positiv, engasjert og interessert i helse.

Du er sjølvstendig og samarbeider godt med andre.

Du er påliteleg og ansvarsfull.

Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.

Vi tilbyr

Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.

Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.

Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.

Som tilsett får du tilbod om medlemskap i velferdsklubb som gjev tilsettegoder.

Andre opplysingar
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4.

Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.

Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.

Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.

Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med dei ulike avdelingsleiarane eller verksemdleiar Monica Smedsrud.

Kontaktinformasjon
Monica Smedsrud, Verksemdleiar, 404 85 607, monica.smedsrud@bomlo.kommune.no
Isabel Knutsen, Avdelingsleiar KOR, 909 34 641, isabel.knutsen@bomlo.kommune.no
Kristina H. Pettersen, Avdelingsleiar Post 1 Nord, 908 93 242, kristina.halleraker.pettersen@bomlo.kommune.no
Solveig G. Madsen, Avdelingsleiar Post 2 Sør, 474 52 732, solveig.gausvik.madsen@bomlo.kommune.no
Chatrin P. Risøy, Avdelingsleiar Natt og Reinhald, 479 70 390, chatrin.risoy@bomlo.kommune.no
Ann Heidi Mathisen, Avdelingsleiar Teiglandshagen, 457 20 536, ann.heidi.mathisen@bomlo.kommune.no
Ann Mari Mikalsen, Kjøkkenleiar, 472 75 457, ann.mari.mikalsen@bomlo.kommune,no

Arbeidsstad
Leirdalen 25
5430 Bremnes

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommune

Referansenr.: 5133030884
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 18.12.2026