Helgestilling - miljøarbeidar
Rus og psykisk helse - Mikkjelsflaten · Rokabrekka 1, ØYSTESE

Me søkjer ein engasjert miljøarbeidar til fast helgestilling med oppstart frå snarast/etter avtale. Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar tredje helg.

Som miljøarbeidar vil du bidra til å skapa struktur og tryggleik i kvardagen til bebuarane. Du vil følgja opp og støtta i daglege gjeremål, leggja til rette for sosial deltaking og vera ein viktig medspelar i arbeidet med å fremja meistring og sjølvstende.

Du får arbeida i den nyoppretta avdelinga i Avdeling rus og psykisk helse - Mikkjelsflaten i Øystese. Avdelinga tilbyr heildøgns omsorg til ni personar med psykiske lidingar som ikkje kan bu i eigen heim. Målet er å skapa eit trygt, stabilt og inkluderande bumiljø.

Dette er ei spennande moglegheit for deg som ønskjer å vera med på etableringa og vidareutviklinga av eit nytt tilbod innan psykisk helsearbeid.

Arbeidsoppgåver

Oppfølging og støtte til bebuarar i daglege gjeremål og bidra til eit trygt og inkluderande bumiljø

Leggja til rette for meistring og god livskvalitet

Planleggja og gjennomføra aktivitetar

Samarbeid med pårørande og anna hjelpeapparat

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar er ønskjeleg, men dersom det ikkje søkjer fagarbeidar kan det bli aktuelt å tilsetja andre med relevant utdanning/arbeidserfaring

Har du arbeidserfaring innan psykisk helsearbeid er det ei føremon

Du må interesse for fagfeltet psykisk helse

Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.

Personlege eigenskapar

Evne til å byggja gode relasjonar

Evne til å handtere krevjande situasjonar på ein roleg og profesjonell måte

Gode samarbeidsevner

Arbeider godt sjølvstendig og i team

Vi tilbyr

Ei variert og meiningsfull deltidsstilling i nyoppretta avdeling
Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
Gode pensjons-/og forsikringsordningar

Generell informasjon:

Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon
Tove Pedersen, Leiar avdeling rus og psykisk helse, +47 950 42 898

Arbeidsstad
Rokabrekka 1
5610 Øystese

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 5169201821
Stillingsprosent: 15%
Fast
Søknadsfrist: 17.09.2026