Nyhagen dagsenter
Voss herad Nyhagen · Bjørnshovden 19, VOSS

Vil du bidra til meistring, aktivitet og ekte arbeidsglede?
Då kan dette vera stillinga for deg!

Nyhagen arbeid- og aktivitetssenter tilbyr eit meiningsfylt dagtilbod til personar med ulike funksjonsvariasjoner. No har me flytta til nye, fine lokale på Vetleflaten, og er i full utvikling med å skapa eit endå meir variert og spennande aktivitetstilbod.

Hjå oss får du vera med å forma kvardagen til menneske som treng det, gjennom aktivitet, fellesskap og gode opplevingar.

Me søkjer etter:
100 % stilling som miljørettleiar frå 01.09.2026
Arbeidstid mandag til fredag kl 08.00-15.30

Arbeidsoppgåver:

Bistå deltakarar i daglege aktivitetar ved dagsenteret

Delta i tenesteutvikling og tilføre nye aktiviteter etter behov

Bruke ASK som kommunikasjonsverktøy

Dokumentere i Aidn journalsystem (opplæring vert gitt)

Skapa tryggleik, struktur og gode relasjonar

Vera ein tydeleg rollemodell og støtte for deltakarane

Samarbeide tett med kollegaer og pårørande

Kvalifikasjonar:

Vernepleiar eller anna relevant høgskuleutdanning (Bachelor i helse/sosial, pedagogikk, idrett/fysisk aktivitet m.m)

Personlege eigenskapar som vert vektlagt:

Er kreativ og likar å tenkje nytt

Har engasjement for aktivitet, meistring og brukarmedverknad

Arbeider sjøvstendig og tek ansvar

Er samarbeidsorientert og bidreg positivt i arbeidsmiljøet

Er trygg, strukturert og målretta

Har vilje til fagleg utvikling og lære nye metodar

Me tilbyr:

gode vilkår for fagleg utvikling

eit godt tverrfagleg og sosialt miljø

yrkesskade- og gruppelivsforsikring

gode pensjonsordningar

løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Rekrutteringstillegg for nytilsett vernepleiar kr 16 000,-

Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga

Søknad

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Me oppmodar menn til å søkje

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

Link til søknadsskjema: Søk her