Badevakt/kulturhusmedarbeider - tilkallingsvikar

Gullbring - kulturhus · Gullbringvegen 34, BØ I TELEMARK

Gullbring Kulturhus er eit av dei største og mest brukte kulturhusa i Telemark, og er ein del av Midt-Telemark kommune. Huset blir besøkt av om lag 220 000 menneske årleg. Vi driv kino, idrettshall, symjebasseng, konsertsal, kulturskule og har ti andre ulike større og mindre møterom, i tillegg til fleire leigetakarar innan kultur og idrett/fritid. Alt dette er knytt saman med ein stor kafé i vår lobby, Framstugo.

Me søkjer badevakt/kulturhusmedarbeider til vårt kulturhus som tilkallingsvikar. Arbeidstida er primært på ettermiddagar, kveldar og i helg.

I Gullbring vil du ha varierte oppgåver i løpet av veka. Du vil sikre tryggleiken til dei som bader i bassenget, mulighet for vakter i kafe og å operere kinoutstyret. Det vil alltid vere fleire på jobb som arbeider saman som eit team. Opplæring vil bli gitt på alle område, og ein må bestå ein livredningsprøve før ansettelse.

Arbeidsoppgåver

Badevakt

Ivaretaking av tryggleiken til publikum

Handtering av publikum

Generelt reinhald og vedlikehald av utstyr

Håndtering av tilbakemeldingar på ein profesjonell måte

Bistå ellers i huset ved behov

Kulturhusmedarbeider

Kundebehandling

kafe- og billettsalg

Forberede dagens aktivitet

Generelt reinhald og organisering av varer

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar

Gode svømmeferdigheiter og bestått livretningsprøve, som må gjennomførast hos oss før tilsetting.

Være fylt 18 år

Ønska kompetanse

Erfaring fra liknande stillingar

Søkjar bør kunne meistre begge målformer

Særskilde krav

Bestått livredningsprøve før oppstart i arbeidet

Personlege eigenskapar

Sjølvstendig, tenesterett og tilpasningsdyktig

Gode samarbeidsevner og vilje til å ha varierte arbeidsdagar

Møte publikum med profesjonalitet og et smil

Vi tilbyr

E-læringskurs for nytilsette i Midt-Telemark kommune

Lønn etter gjeldande lov- og avtaleverk

Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon
Trine Brox, Avdelingsleiar, +47 93090409

Arbeidsstad
Gullbringvegen 34
3800 Bø

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

Referansenr.: 5131691659
Stillingsprosent: 0%
Anna
Startdato: 10.08.2026
Søknadsfrist: 01.09.2026