I BFD er det ledig stilling som kommunikasjonsrådgivar med ansvar for sosiale medium
BARNE- OG FAMILIEDEPARTEMENTET · Postboks 8036 dep, OSLO

Om stillinga

Vi ser etter deg som er samfunnsengasjert og som ønskjer å jobbe med kommunikasjon i skjeringspunktet mellom fag og politikk. Stillinga vil ha ansvar for departementets innhald i sosiale medium, og delta i ein felles redaksjon for regjeringas sosiale medium. I tillegg inneber jobben å ta del i dei mange løpande strategiske og operative oppgåvene i Kommunikasjonseininga. Vi er til saman seks medarbeidarar i Kommunikasjonseininga, som gir faglege og strategiske kommunikasjonsråd til politisk leiing og departementet. Arbeidet er kjenneteikna av eit høgt tempo, varierte oppgåver og eit hyggeleg arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåvene vil i hovedsak vere å

produsere, redigere og publisere innhald som video, foto, nyheitsgrafikk og nyheitssaker for sosiale medium og digitale kanalar

jobbe med strategi og innhald til departementets og regjeringas sosiale medium

delta i Kommunikasjonseiningas pressevaktordning

jobbe med ekstern kommunikasjon og pressearbeid

jobbe med intern kommunikasjon og intranett

produsere og publisere innhald for nettsider

bidra i løpande oppgåver

Du må rekne med noko arbeid utanfor ordinær arbeidstid, og også noko reising i jobben. Vi ser etter deg som har høg grad av fleksibilitet og er villig til å ta på deg oppgåver innanfor heile ansvarsområdet til Kommunikasjonseininga. Du må ha god kunnskap om sosiale medium og digitale kanalar, og kunne skrive godt på begge målformer og engelsk.

Kvalifikasjonar:

Utdanning på minimum bachelornivå innan journalistikk, medieutdanning, samfunnsvitskap eller liknande.

Minimum to års relevant erfaring med kommunikasjonsarbeid, gjerne frå offentleg sektor.

Personlege eigenskapar:

Gode samarbeidsevner og relasjonelle ferdigheiter, men også evne til å arbeide godt sjølvstendig.

Evne til å arbeide strukturert og under tidspress med korte fristar.

Høg grad av fleksibilitet og arbeidsvilje.

Analytiske ferdigheiter og god vurderingsevne.

Serviceinnstilt og profesjonell i jobben overfor politisk leiing og departementet.

Vi ser etter ein lagspelar som tek initiativ og ansvar, og som er fleksibel og serviceinnstilt. Vi vil leggje stor vekt på personlege eigenskapar i tilsetting til stillinga.

Vi tilbyr

lønn i stillingskode rådgivar, i lønnsspenn frå kr. 610 000 – 700 000

fleksibel arbeidstidsordning og moglegheit for trening i arbeidstida

kontor sentralt i Oslo sentrum, rett ved Stortinget t-banestopp. Vi har kantine, bibliotek og treningsrom i bygget

gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse

Andre opplysningar:

Vi ber deg leggje ved attester og vitnemål med karakterar når du søkjer.

At du har søkt på stillinga kan bli offentleggjort. Dette gjeld sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25. Du vil i så fall bli informert før offentleggjeringa og få høve til å trekke søknaden.

Den som blir tilsett må kunne autoriserast for behandling av informasjon gradert AVGRENSA. Les meir om autorisasjon her:
https://nsm.no/fagomrader/personellsikkerhet/sikkerhetsklarering/autorisasjon/.

BFD samarbeider med Semac for bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar, og inneber at vi verifiserer CV og anna søknadsinformasjon i samband med tilsettinga.

Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt med Kari Westersund. tlf.: 928 56 192, e-post: Kari.Westersund@bfd.dep.no

BFD som arbeidsgivar

Som arbeidsgivar vil vi spegle mangfaldet i samfunnet. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss, uavhengig av bakgrunn. Vi skal sørge for å leggje til rette arbeidsplassen dersom det er behov for det.