Organist - 60 % fast stilling
Vang kyrkjeleg fellesråd · Tyinvegen 5171, VANG I VALDRES

Freistar det deg å overta og vidareutvikle ein lang tradisjon med kyrkjemusikk og konsertar i fjellkommunen Vang? Me kan tilby gode instrument i tradisjonelle kyrkjer, og godt arbeidsfellesskap. Organisten går inn i eit nært samarbeid med soknepresten og den øvrige staben.

Aktuelle arbeidsoppgåver

Samarbeid om planlegging og gjennomføring av gudstenester og øvrige kyrkjelege handlingar

Samarbeid om trusopplæringa

Samarbeid mellom kyrkja og skula i Vang

Legge til rette for kyrkjekonsertar, musikkandaktar og korarbeid

Koordineringsansvar for kulturelle arrangement i kyrkja, utleiekontraktar og anna organisering rundt dette

Utarbeiding av kyrkjemusikalsk plan

Ved ledig kapasitet avhjelpe med aktuelle arbeidsoppgåver ved arbeidsfellesskapet

Ynskja kvalifikasjonar

Relevant kyrkjemusikalsk utdanning og arbeidserfaring

Me ynskjer oss ein organist som kan inspirere til song- og kyrkjemusikalsk aktivitet i kyrkjelydane

Gode musikalske kvalifikasjonar

Personlege eigenskapar

Du har initiativ og gjennomføringskraft

Du har evne og vilje både til å samarbeide og til å arbeide sjølvstendig

Du har evne til å motivere, inkludere og se frivillige som en viktig ressurs

Du er fleksibel i forhold til arbeidstid og arbeidsoppgåver

Særskilte krav

Du må være medlem av Den norske kyrkje og utføre tjenesten i samsvar med Den norske kyrkjes ordninger, grunnverdier og visjoner

Du må ha førarkort klasse B og disponere egen bil

I stillinga inngår kvelds- og helgearbeid

Den som tilsetjast vil bli bedt om å legge fram godkjent politiattest, jamfør trossamfunnsloven §20, og politiregisterloven §39, første ledd

Du må beherske norsk muntlig og skriftlig, samt ha grunnleggende kunnskap om dataverktøy

Me kan tilby

Tilsetjing på vilkår av dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler

Eit godt arbeidsfellesskap

Løn etter KA’s tariffavtale

Medlemskap i KLP pensjonsordning

6 månaders prøvetid

Spesielle vedtak

Teieplikt etter gjeldande reglar

Personleg eignaheit blir vektlagt

Kvalifiserte søkjarar vil bli innkalla til intervju og prøvespel.

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Silje Hammerstad, Kyrkjeverje, mobil 902 42 171 eller sh466@kirken.no

Kristin Bakke Lajord, Fellesrådsleiar, mobil 911 58 656

Søknad med CV, vitnemål, attestar og referansar sendast via webcruiter innan 4.oktober 2026.

Om oss
Vang høyrer til Valdres prosti i Hamar bispedømme. Vang er den vestlegaste av kommunane i Valdres, på grensa mot Sogn, og dermed midt mellom Oslo og Bergen. Me har ca. 1650 innbyggarar, med kulturskule, korps og kor, i tillegg til eit vidt spekter av anna frivillig arbeid. Kyrkja i Vang har 4 sokn; Heensåsen, Høre, Vang og Øye, med 6 kyrkjer - deriblant 2 stavkyrkjer og ei økumenisk fjellkyrkje.
Staben består av sokneprest, kyrkjeverje, kontormedarbeidar, kyrkjegardsarbeidar, organist og kyrkjelydsarbeider. I tillegg har me kyrkjetenarar, klokkarar og reinhaldarar tilknytta kyrkjene.

Vang kommune – ei flott kommune å bu i:

Ei storstilt satsing på barn og unge!

Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!

Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!)

Helse og omsorgstenester av god kvalitet

Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!

I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!

Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar

I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for ein kvar smak!

Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn.

I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock

I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling

Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du på nettsida; vangivaldres.no

Meir info om arbeids - og bumarkedet i Valdres finn du på nettsida; valdres.no/velgvaldres

Kontaktinformasjon
Silje Hammerstad, Kyrkjeverje, 90242171, sh466@kirken.no

Arbeidssted
Tyinvegen 5171
2975 Vang i Valdres

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vang kyrkjeleg fellesråd

Referansenr.: 5174797523
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 04.10.2026