Sommarvikarar søkjast til BPA-ordning ☀️

JAG ASSISTANSE AS · Volda, Norge, VOLDA

Er du ein positiv og påliteleg person som ønskjer ein meiningsfull sommarjobb? Då kan dette vere noko for deg!

Eg er ei sosial og utadvendt dame på 60 år som søkjer sommarvikarar til mi BPA-ordning. Eg trivst godt med å ha det koseleg heime, gjerne med litt stell av plantar og gode samtalar. I tillegg set eg stor pris på små og store bilturar og musikk, så det er ein fordel om du likar å vere med dersom eg har behov for å vere litt på farten.

Om stillingane

Det er to ledige stillingar:

50 % stilling

20 % stilling

Arbeidstid består av:

Dagvakter, kveldsvakter og noko helg.

Sommervikariatet er frå 20. juni til 23. august, med mulig forlengelse eller tilbud om stilling som tilkalling.

Kvinner blir særleg oppmoda til å søkje.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene vil variere, men kan mellom anna innehalde:

Praktisk hjelp i heimen

Følgje til aktivitetar og bilturar

Sosialt samvær og støtte i kvardagen

Ønska personlege eigenskapar:

Påliteleg, ansvarsfull og strukturert.

Løysingsorientert og sjølvgåande

Kunne setje seg inn i, og forstå andre sine utfordringar.

Fleksibel

Søknadsfrist: Snarast. Søknader blir vurderte fortløpande.

Krav i stillinga:

Plettfri vandel/politiattest

Gode norskkunnskapar

Førarkort

Emosjonelle krav:

Det blir stilt emosjonelle krav i stillinga. Emosjonelle krav handlar om dei kjenslemessige krava som blir stilte til arbeidstakar i møte med andre. Handtering av eigne og andre sine kjensler er ein viktig del av jobben. I rolla som personleg assistent kan ein kome i situasjonar der ein må justere og/eller meistre eigne kjensler, samt handtere andre menneske sine kjensler, inkludert sorg og glede. Dette blir gjennomgått på intervju og ved praktisk opplæring på arbeidsplassen.

Som personleg assistent i JAG utgjer du ein skilnad kvar dag, og personleg eignaheit er avgjerande.

Løn:

JAG Assistanse følgjer tariffavtale (Landsovereinskomsten for BPA). Lønsplassering blir fastsett ut frå dokumentert ansiennitet ved tilsetjing. Relevant erfaring kan vere BPA-assistent, barne- og ungdomsarbeidar, førskulelærar, helsefagarbeidar m.m.

Kveld/natt- og helgetillegg ihht tariffavtalen.