Faste helgestillingar ved Spesialisert psykosebehandling, S5

Psykiatrisk klinikk/ Avdeling for spesialisert psykosebehandling/ Seksjon S5, Helse Bergen HF · Sandviksleitet 1, BERGEN

Seksjon S5, avdeling for spesialisert psykosebehandling, er lokalisert på Sandviken sjukehus, og er ein lukka akuttpost med 12 senger, der 2 av sengene er intensivsenger. Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar og samarbeider med andre instansar for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod.

Vi kan tilby ein spennande og engasjerande arbeidsplass, kor vi legg vekt på kvar enkelt sin trivsel og faglege utvikling.

Vi har no ledig følgande stillingar:

4 x 15% faste helgestillingar med turnus dag/kveld med arbeid pt. kvar 3. helg

Studentar innan helsefagleg retning, som medisin, psykologi, sjukepleie eller vernepleie oppfordrast å søke. Dersom du ikke er student, men har anledning til å jobbe ein del ekstravakter i periodar, blir du også oppfordra til å søke. Søkar må vere fylt 21 år. Kandidatar kan bli innkalla til intervju undervegs i prosessen.

Arbeidsoppgåver

Oppfølging av pasientar med fokus på aktivisering og daglege gjeremål

Delta i gjennomføringa av den planlagde behandlinga av pasientar i tråd med god klinisk praksis, sjukehusets mål og etter gjeldande regelverk

Arbeide under rettleiing av sjukepleiar/vernepleiar og utføre oppgåver som er delegert av ansvarshavande sjukepleiar

Utføre og hjelpe til med kliniske oppgåver knytta til pasient

Delta i miljøarbeid og praktiske oppgåver

Dokumentere og rapportere observasjonar og utførte tiltak under rettleiing

Kvalifikasjonar

Vi ønsker at du har helsefagleg utdanning/studieretning, men det er ikkje eit krav, dersom du er personleg eigna til å jobbe med psykisk sjuke menneske

Vi ønsker gjerne søkarar med eit par års erfaring frå psykisk helsearbeid, men dette er ikkje eit krav

Søkar må meistre norsk svært godt, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna til å arbeide med psykisk sjuke menneske

Vi ønsker fleksible medarbeidarar som har evne til å arbeide i team og som kan bidra til eit godt arbeidsmiljø

Du må vere ansvarsbevisst, til å stole på og ha evne til å arbeide sjølvstendig og ta rettleiing

Har du anledning til å ta ekstravakter i periodar, så er det noko vi ofte har behov for

Vi tilbyr

Å delta i eit spennande og fagleg miljø, der folk trives på jobb

Kurs i MAP (møte med aggresjonsproblematikk)

Fadderordning

Konkurransedyktig pensjonsordning

Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon
Liv Mala, Seksjonsleiar, 55958706

Arbeidsstad
Sandviksleitet 1
5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5171909333
Stillingsprosent: 15%
Fast
Søknadsfrist: 25.09.2026