Rocket-Man søkjer aktivitetsguidar
Sogndal kommune Helse og omsorg · Riverdalen 5, LEIKANGER

Vil du vere eit trygt førebilete for ungdom (13–18 år) og bidra til tilhøyrsle, tryggleik og meistring?

Me søkjer aktivitetsguidar mellom 18 og 30 år som vil følgje opp ein eller fleire ungdomar i kvardagen, både ein til ein og i Rocket-Man fellesskapet.

Arbeidsoppgåver:

Vere ein trygg storesøster/storebror-figur og følgje opp “din” ungdom

Planleggje og delta på fellesaktivitetar

Kvalifikasjonar:

Du brenn for ungdom og ønskjer å gjere ein viktig forskjell for ungdom i Sogndal Kommune

Gjerne erfaring/interesse frå eitt eller fleire område: friluftsliv, sport, musikk, gaming, kunst – breidde er ein fordel

Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som er kreativ og engasjert, med evne til å finne nye løysingar og bidra med energi og pågangsmot i kvardagen.

Du er stabil, påliteleg og skaper tillit. Du har eit varmt og inkluderande vesen, er god til å byggje relasjonar og trivst med å samarbeide.

Personlege eigenskapar vert vektlagde.

Dette tilbyr me:

Opplæring og tett oppfølging i rolla som aktivitetsguide

Verdidrive arbeid der tilhøyrsle, tryggleik og meistring står i sentrum

Ein sjølvstyrt og variert arbeidskvardag med spennande aktivitetar

Nyttig erfaring med relasjonsbygging, leiing og samarbeid

I hovudsak er det inntil 4 timar lønna aktivitet i veka, aktivitet ut over dette er basert på frivillig arbeid.

Tilsetting skjer fortløpande, så søk no!

Du kan lese meir om Rocket-Man her.

Praktisk informasjon:
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.

Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.

Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Send søknaden med CV innan søknadsfristen via rekrutteringssystemet EasyCruit.

Link til søknadsskjema: Søk her