Operasjonssjukepleiar ved hovud/hals-seksjonen

Kirurgisk serviceklinikk/KSK hovud-hals, Helse Bergen HF · Haukelandsveien 22, BERGEN

Vil du vere ein del av eit sterkt fagmiljø der samarbeid, presisjon og pasienttryggleik står i sentrum?

Hovud/hals-seksjonen er ein av tre seksjonar i sentraloperasjonseininga ved Haukeland universitetssjukehus, og er ein del av Kirurgisk serviceklinikk (KSK) som er den største somatiske klinikken i føretaket med om lag 1200 tilsette. KSK har ansvar for store deler av tilbodet innan operasjon, anestesi, intensivbehandling og traumemedisin på sjukehuset.

Hovud/hals-seksjonen er ein aktiv og fagleg utfordrande arbeidsplass, med fagfelta Nevrokirurgi og ØNH/kjeve kirurgi. Det er 45,5 årsverk for spesialsjukepleiarar til seksjonen, herunder 25 årsverk som operasjonssjukepleiar. Desse bemannar saman med anestesisjukepleiarar og anestesilegar, 5-6 operasjonsstover på dagtid, og ØH-stove på kveld, natt og helg. Både operasjonssjuepleiar og anestesisjukepleiar hos oss inngår i traumeteamet ved mottak av traumepasientar til sjukehuset.

Vi har ledig 100% fast stilling som operasjonssjukepleiar i tredelt turnus (35,5t/u).

Trivst du med travle dager, faglege utfordringar, og godt samarbeid på tvers av fagmiljø som gjer arbeidsmiljøet utviklande og trygt? Då håper vi å ha vekt interessa di for å søke stilling hos oss.

Arbeidsoppgåver

Bistå ved operasjonar, steril- og koordinerande funksjon

Ansvar for å planlegge og gjennomfører oppgåver knytt til operasjonspasienten

Sikre god flyt og gjennomføring av operasjonsprogram

Samhandling med andre yrkesgrupper både i eigen avdeling/klinikk og med våre samarbeidspartnarar

Rettleing av studentar i spesialisering og nytilsette

Delta i daglege driftsoppgåver

Kvalifikasjonar

Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar og godkjend vidareutdanning i operasjonssjukepleie

Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare

Dersom du har erfaring med nevrokirurgi eller ØNH-kirurgi frå før er det ein fordel, men inga føresetnad

Gode datakunnskapar

Personlege eigenskapar

Vi ønsker at du skal gi ditt bidrag til vårt gode arbeidsmiljø

Du kommuniserer og samarbeider godt med andre

Du må kunne arbeide strukturert og ta ansvar for eigen utvikling og kompetanse

Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønsker å vidareutvikle kompetansen din

Du bør vere sjølvstendig og samarbeidsvillig

Du har pasienten i fokus i arbeidet ditt

Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press

Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo

Vi tilbyr

Gode pensjons- og forsikringsvilkår

Eige program for nytilsette

Store faglege utfordringar med dyktige medarbeidarar

Akutt-team 24/7

Aktivt fagmiljø

Lønn etter tariff

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon
Lisbeth Viken Aasarmoen, Seksjonsleiar, 55 97 06 51

Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5134462445
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.06.2026