Vil du vere med å vidareutvikle partnarskapet mellom stat og kommune i Nav Vestland?
Nav fylkeskontor Vestland // Partnarskap og kommunikasjon · Solheimsgaten 7E, BERGEN

Nav fylkeskontor Vestland har det overordna ansvaret for gjennomføringa av arbeids- og velferdspolitikken i Vestland, med styringsansvar for ni regionar og ei spesialeining. Fylkeskontoret er lokalisert i Bergen med 48 tilsette, fordelt på fire avdelingar; partnarskap og kommunikasjon, HR og organisasjon, fag og tenester og økonomi og analyse. Vi arbeider etter lean-prinsipp, med vekt på kontinuerleg forbetring, læring, effektiv ressursbruk og utvikling av gode tenester i samarbeid med brukarane våre.

I dei ni regionane ligg det 34 Nav-kontor som alle er bygde på eit likeverdig partnarskap mellom stat og kommune. Målet vårt er å hjelpe folk i arbeid, bidra til inkludering og aktiv deltaking i samfunnet, og sikre sosial og økonomisk tryggleik for den enkelte. Mange av innbyggjarane vi møter har behov for støtte på fleire livsområde, noko som krev tett samarbeid mellom statlege og kommunale tenester.

Vi søkjer no ein seniorrådgivar som skal bidra til å styrkje og vidareutvikle partnarskapa mellom Nav og kommunane i Vestland.

Om stillinga
Som seniorrådgivar vil du få ei sentral rolle i å bygge relasjonar, fremje samhandling og sikre heilskap i samarbeidet mellom fylkeskontoret og Nav-kontora. Du skal bidra til å styrkje samarbeidet mellom stat og kommune, utvikle partnarskapa og leggje til rette for at Nav-kontora kan møte komplekse samfunnsutfordringar på ein heilskapleg måte. Du vil samarbeide tett med fylkesdirektøren, leiargruppa ved fylkeskontoret og leiarar ved Nav-kontora i Vestland.

For å lukkast i rolla må du kunne sjå både kommunale og statlege perspektiv, forstå ulike rammevilkår og bygge tillit på tvers av organisasjonar og nivå. Dette er ei rolle for deg som trivst i skjeringspunktet mellom strategisk utvikling, relasjonsbygging og koordinering. Du ser samanhengar, skaper framdrift og bidreg til at felles mål blir omsette til handling. Arbeidsstad er fylkeskontoret i Bergen. Du må rekne med reiseaktivitet i samband med møte og oppfølging av partnarskapa i heile Vestland.

Kva går jobben ut på?

vere rådgivar og leiarstøtte i spørsmål knytt til Nav-kontor og partnarskap

koordinere og følgje opp partnarskapsarbeidet i Vestland

planleggje, førebu og fasilitere partnarskapsmøte og andre samarbeidsarenaer

bidra til å styrkje samarbeid og samhandling på tvers av tenester på Nav-kontora

identifisere moglegheiter for utvikling og spreiing av gode løysingar

bidra til heilskap, framdrift og forankring i prioriterte satsingar

Stillinga omfattar både strategisk arbeid og praktisk koordinering. Møteførebuing, dokumentasjon, oppfølging av avtalar og samordning av aktivitetar er sentrale verkemiddel for å skape framdrift og utvikling i partnarskapet.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha

fullført utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet.

erfaring frå offentleg sektor eller arbeid med offentlege verksemder

erfaring med koordinering, samhandling eller utviklingsarbeid på tvers av fagområde, organisasjonar eller forvaltningsnivå

kjennskap til samarbeid mellom statleg og kommunal verksemd

god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Det er ein fordel om du har

erfaring frå kommunal sektor eller Nav-kontor

kjennskap til dei kommunale tenestene i Nav-partnarskapet

erfaring frå partnarskap, samhandling eller samarbeidsavtalar

erfaring frå leiing eller leiarstøtte

Kven er du?

du ser heilskapen og byggjer tillit på tvers av ulike perspektiv

du arbeider strukturert, skaper framdrift og følgjer opp prosessar over tid

du trivst med både strategiske diskusjonar og operativ gjennomføring

Kvifor velje oss?

ei sentral rolle i utviklinga av partnarskapet mellom stat og kommune i Vestland

eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar

store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling

fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida

god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse

stillinga blir plassert i stillingskode1364 seniorrådgivar. Lønsspennet er frå kr. 750 000 til 900 000. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.

Les meir om Nav som arbeidsgivar

Slik søker du
Vi ønsker å gjøre søknadsprosessen enklere og mer relevant. Du trenger derfor ikke legge ved søknadsbrev. I stedet ber vi deg om å sende inn en detaljert og oppdatert CV, og besvare noen korte spørsmål om din erfaring og kompetanse.

Vi tar kun imot elektroniske søknader via Webcruiter. Vitnemål og attester lastes opp sammen med søknaden.

Kontaktinformasjon
Aida Cisic-Dizdar, assisterande fylkesdirektør, 984 51 566, aida.cisic-dizdar@nav.no

Arbeidssted
Solheimsgaten 7E
5058 Bergen

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5173375385
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.09.2026