Vil du bli vår nye kollega i Yksnebjør barnehage?
Fjaler kommune Yksnebjør barnehage · Yksnebjørvegen 19-21, DALE I SUNNFJORD

Yksnebjør barnehage har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar med oppstart i januar 2027. Som vår nye kollega blir du ein del av eit positivt arbeidsmiljø, og får vere med på å skape ein trygg, variert og meiningsfull kvardag for barna.

Vi ønskjer oss ein engasjert pedagogisk leiar som set barna i sentrum, tek initiativ og bidreg til eit godt samarbeid mellom barn, føresette og kollegaer.

Yksnebjør barnehage ligg høgt og flott til med eit allsidig uteområde og flott utsyn over Dalsfjorden. Vi har kort veg til sjø, skogsområde, bibliotek og sentrum, og nyttar nærmiljøet aktivt i kvardagen.

Om stillinga

Som pedagogisk leiar får du eit særleg ansvar for det pedagogiske arbeidet på avdelinga. Du skal bruke din faglege, pedagogiske og etiske kompetanse til å skape eit trygt og inkluderande fellesskap der barna får leike, lære, utvikle seg og oppleve meistring.
Du får ansvar for å leie og rettleie medarbeidarane på avdelinga, og for å sikre at det pedagogiske arbeidet er i tråd med barnehagelova og rammeplanen.

Arbeidsoppgåver

Pedagogisk ansvar for avdelinga.

Planleggje, gjennomføre, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet.

Vere ein trygg og tydeleg vaksen som legg til rette for leik, læring, utvikling og meistring.

Rettleie og følgje opp medarbeidarane på avdelinga.

Bidra til eit godt samarbeid med barn, føresette og kollegaer.

Samarbeide med andre faggrupper og aktuelle samarbeidspartar.

Bidra aktivt i utviklingsarbeidet i barnehagen.

Kvalifikasjonar

Utdanning som barnehagelærar eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå som kvalifiserer til stilling som pedagogisk leiar.

Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.

Den som blir tilsett, må leggje fram godkjend politiattest.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

har godt samspel med barn og vaksne

er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen med god relasjonskompetanse

har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

er engasjert og tek initiativ

arbeider løysingsorientert og sjølvstendig

bidreg til eit godt arbeidsmiljø og har godt humør

Vi legg vekt på at du er personleg eigna til stillinga.

Vi tilbyr

Introduksjonsprogram for nytilsette.

Eit godt arbeidsmiljø med trivelege og engasjerte kollegaer.

Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag.

Moglegheit til å vere med og utvikle barnehagetilbodet.

Løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ.

Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Vil du vite meir?

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillinga eller ønskjer å høyre meir om Yksnebjør barnehage som arbeidsplass.

Vi håpar å høyre frå deg!

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekkje søknaden før søkjarliste blir gjort offentleg.

Link til søknadsskjema: Søk her