Helsefagarbeidar eller aktivitør
ÅLESUND KOMMUNE · Fjellgata 42, ÅLESUND

Med utgangspunkt i eit ønske om å levere gode førebyggande tenester har Ålesund kommune samla mange av dei førebyggande tenestene i verksemd førebygging og meistring. I tillegg til seniorsenter inneheld verksemda dagtilbod for personar med demenssjukdom, geriatriske sjukepleiarar og hukommelsesteam, støttekontaktteneste, ergo- og fysioterapiteneste og teknisk hjelpemiddelservice. Verksemda har dermed eit godt fundament for god samhandling mellom ulike tenester med felles målsetting om å sørge for ein aktiv kvardag med stor grad av meistring for kvar enkelt.

Stillinga er per tida knytt til Klipra seniorsenter.

Seniorsenteret er ein møteplass for seniorar og skal vere eit utgangspunkt for sosialt samvær, kulturelle opplevingar og fysisk aktivitet. Senteret har både eit ope tilbod for alle som ønsker å ta turen og eit dagtilbod med vedtaksbaserte dagplassar for dei som ikkje kan nytte senteret på eigahand.

Per i dag inneber stillinga dagarbeid.

Arbeidsoppgåver

Bidra til å utvikle seniorsenteret vidare slik at det kan fortsette å vere ein attraktiv plass å vere for seniorar

Arrangere og leie aktivitetar, som f.eks. trim på senteret

Ivareta både dagbrukarar og besøkande på seniorsenteret og sørge for at alle som er innom får ein god dag

Målretta miljøarbeid og tilrettelegging overfor både enkeltbrukar og gruppe

Kvalifikasjonar

Du må ha fagbrev som aktivitør eller helsefagarbeider

Grunnleggande dataferdigheiter

Førarkort klasse B

Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. Krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådet sin nivåskala (CERF)

Det er ei forutsetning at den som blir tilsett kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS).

Det er også krav at personlig BankID eller IDporten kan nyttast som alternativ innlogging mot ulike digitale løysingar ved behov.

Personlege eigenskapar

Vi søker ein medarbeidar som er kreativ, utadvent og positiv

Du må vere fleksibel og løysingsorientert, ha evne til nytenking og vere glad i utfordringar

Du må ha gode samarbeidsevner samstundes som du også må kunne arbeide sjølvstendig

Du har interesse for aktivitet og aktivisering

Du må vere personleg eigna

Vi tilbyr

Eit godt arbeidsmiljø med trivelege og engasjerte kollegaer og ei god atmosfære

Ein arbeidsplass som verdset kommunen sine verdiar: open, engasjert og modig

Lønn etter gjeldande avtaleverk

Pensjonsrettigheiter i KLP

Kontaktinformasjon
Solveig Kiperberg Viddal, Avdelingsleiar, 908 25 952, solveig.kiperberg.viddal@alesund.kommune.no
Camilla Almås, Verksemdsleiar, 994 93 553

Arbeidsstad
Fjellgata 42
6003 Ålesund

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 5174132462
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 24.11.2026
Søknadsfrist: 20.09.2026