Psykomotorisk fysioterapeut 100% avtaleheimel
ALVER KOMMUNE · Kvernhusmyrane 11, ISDALSTØ

Om stillinga

Vi har no ledig 100 % avtaleheimel for fysioterapeut med kompetanse innan psykomotorisk fysioterapi. Driftstilskotet er knytt til Nordhordland fysioterapi AS i Knarvik. Oppstart etter nærare avtale.

Vi vil anslå at pasientlista har lag 20 % born/unge og 80 % vaksne pasientar.

Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer å utvikle ein etablert praksis, med pasientgrunnlag og solide faglege rammer!

Om Nordhordland fysioterapi

Nordhordland fysioterapi ligg sentrumsnært i Knarvik, regionsenteret i Alver kommune. Instituttet kan nåast både med ekspressbuss (35min) og hurtigbåt (40 min) frå Bergen sentrum.

Instituttet er organisert som aksjeselskap (AS) og har fem fysioterapeutar med avtaleheimel. Fysioterapeuten som går av har spesialisering innan psykomotorisk fysioterapi, og Alver kommune ønskjer å vidareføre denne viktige kompetansen.

Dei øvrige fysioterapeutane har brei og lang erfaring innan mellom anna allmenn fysioterapi, manuellterapi og behandling av lip- og lymfødem. Instituttet har eit godt fagmiljø med vekt på samarbeid og fagleg utvikling.

Nordhordland fysioterapi er eit av 8 institutt i Alver kommune, med tilsaman 22 privatpraktiserande fysioterapeutar. Avtalefysioterapeutane er ein del av fysioterapitenesta i kommunen, i tillegg til kommunal tilsette fysioterapeutar, ergoterapeutar og hjelpemiddelteknikarar.

Om avtaleheimelen

Som fysioterapeut skal du driva praksis i tråd med overordna mål og strategiar for helsetenesta i Alver kommune, helse- og omsorgstenestelova, samt dei til ei kvar tid gjeldande avtaleverk for fysioterapeutar (ASA 4303 og ASA4313) og eventuelt interne samarbeidsavtalar.

Tildeling av avtaleheimel skjer i samsvar med ASA 4313. Tildeling av avtaleheimel er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova.

Arbeidsoppgåver

Kartlegging, vurdering og behandling innan psykomotorisk fysioterapi

Oppfølging av pasientar over tid

Oppfølging og behandling av pasientar med traumebakgrunn

Oppfølging av barn og unge

Tverrfagleg samarbeid med fastlegar, spesialisthelsetenesta og andre samarbeidspartnarar

Inntaksvurderingar og handtering av ventelister

Planlegging og gjennomføring av gruppebehandling

Bidra i drift av privat praksis, inkludert aktuelle administrative oppgåver

Bidra til utvikling av praksisen og det samla tenestetilbodet

Kompetansekrav

Norsk autorisasjon som fysioterapeut

Kompetanse og erfaring innan psykomotorisk fysioterapi

Gode norskkunskapar, munnleg og skriftleg.

Det er føremon, men ikkje eit krav, at du har:

Rett til å utløyse takst A9

Kompetanse og erfaring innan psykomotorisk behandling av barn og unge

Kunnskap og erfaring innan behandling av mennesker med traumelidingar

Erfaring med tverrfagleg samarbeid

Innsikt i inntaks- og prioriteringsarbeid, venteliste og venteliste-reduserande tiltak

Kven er du?

Du er sjølvstendig og har erfaring som privatpraktiserande fysioterapeut

Du har evne og vilje til å bidra aktivt i drift og utvikling av praksisen

Du arbeider kunnskapsbasert og held seg fagleg oppdatert

Du har god på kommunikasjon og samarbeidar godt med kollegaer og andre samarbeidspartar

Du har evnge til å skape tillit, skapar gode relasjonar til pasientane og er trygg i terapeutrolla

Du bidreg i arbeidet med utvikling og kontinuerleg forbetring av fysioterapitenesta i Alver kommune

Du er løysningsorientert, fleksiben og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

Vurderingar

Ved vurdering av søkjarane vil vi særleg leggje vekt på:

fagleg tryggleik og klinisk resonnering innan psykomotorisk fysioterapi

erfaring med kartlegging, vurdering og behandling av aktuelle pasientgrupper

erfaring med vaksne pasientar med samansette og langvarige utfordringar

evne til å tilpasse behandling til ulike pasientar og samansette behov

samarbeidsevne og erfaring med tverrfagleg samhandling

forståing for drift av avtalepraksis, prioritering og ventelistehandtering

fagleg engasjement og evne til å bidra til utvikling av tenesta og fagmiljøet

gode relasjonelle ferdigheiter, sjølvstende og evne til samarbeid.

Politiattest

I tråd med [helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede

Vi tilbyr

Ei meiningsfull rolle med stort fagleg ansvar

Moglegheit til å vidareføre og utvikle ein etablert praksis

Eit sterkt fagmiljø med gode kollegaer