Overlege i psykiatri
Folgefonn DPS - Valen Sjukehus · Sjukehusvegen 13, VALEN

🌿 Vil du vere med og forme framtida innan psykisk helsevern?
Hos Folgefonn DPS blir du ein del av eit levande, inkluderande og tverrfagleg behandlingsmiljø der fagleg kvalitet, samarbeid og utvikling står i sentrum. 💙 Vi tilbyr eit breitt spekter av behandlingstilbod innan psykisk helsevern og rusbehandling (TSB), med lokasjonar på Valen og i Odda. Her møter du eit sterkt fagmiljø med overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, LIS-/ALIS-legar, psykologar under spesialisering og høgskuleutdanna medarbeidarar med vidareutdanning. Saman arbeider vi for å gi innbyggjarane i Kvinnherad og Ullensvang eit godt, heilskapleg og framtidsretta behandlingstilbod.

🚀 Vi er inne i ei spennande utviklingsfase der vi vidareutviklar både polikliniske tilbod og døgnbehandling. No har vi ei ledig stilling ved Allmennpsykiatrisk poliklinikk, og dette gir deg ei unik moglegheit til å vere med og påverke fagutviklinga, bidra med nye perspektiv og vere ein del av eit miljø som er oppteke av læring, kvalitet og nytenking.

📍 Arbeidsplassen vil vere på Valen, anten i poliklinikk eller døgnseksjon. Dersom du ønskjer ein meiningsfull arbeidskvardag med faglege utfordringar, engasjerte kollegaer og gode moglegheiter for vidare utvikling, håpar vi å høyre frå deg.

✨ Intervju kan bli gjennomførte fortløpande i utlysningsperioden.
Velkomen til Folgefonn DPS – der fag, utvikling og engasjement møtest!

Kva går jobben ut på?

Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar.

Tverrfagleg klinisk arbeid i team.

Rettleiing og internundervisning.

Deltaking i felles bakvaktsordning med Valen sjukehus.

Deltaking i samhandling med pårørande og kommunehelsetenestene.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Norsk autorisasjon og godkjent spesialisering i psykiatri.

Gode munlege og skriftlege norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du

finn løysningar og er strukturert

har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

trivst i eit aktivt miljø med varierte utfordingar

bidreg positivt til arbeidsmiljøet

Kvifor skal du velje oss?

Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring.

Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift).

Kompetanseutvikling og vidareutdanning.

Moglegheit for deltaking i prosjekt og kvalitetsutvikling.

Sterkt fagleg fellesskap med godt arbeidsmiljø.

Moglegheit for å skaffe overgangsbustad.

Kontaktinformasjon
Maren Elise Skogseth, Avdelingsleder Folgefonn DPS, maren.elise.skogseth@helse-fonna.no

Arbeidsstad
Sjukehusvegen 13
5451 Valen

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5176053839
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 30.09.2026