Fengselsførstebetjent Bjørgvin fengsel, Ungdomseining Vest
Bjørgvin fengsel · Olav Bjordalsvei 63, BREISTEIN

Om stillinga

Bjørgvin fengsel Ungdomseininga, søkjer 1 fengselsførstebetjent til fast stilling. Oppstart etter avtale.

Stillinga er for tida plassert på Ungdomseininga Vest og er i todelt turnus med helg.

Stillingane vil innebere tett samarbeid med operativ leiing på Bjørgvin fengsel, open avdeling.

Ein fengselsførstebetjent med ansvar for operativ arbeidsleiing skal ha evne til å utføre dagleg arbeidsleiing, planlegging og organisering av arbeidet innanfor eit definert arbeidsområde.

Kriminalomsorga region vest har etablert eit sonings- og varetektstilbod, som ein omsorgsbase, til born under 18 år i Bjørgvin fengsel. Tilbodet byggjer på eit tverretatleg samarbeid og tar sikte på eit intensivt endringsarbeid.
Eininga samarbeider med ulike etatar som barnevern, psykisk helsevern, utdanning/opplæring og kommunal tenesteyting. I kraft av å vere ei nasjonal ungdomseining, kjem det ungdomar i alderen 15-18 år frå heile landet.

Arbeidsoppgåver

dagleg arbeidsleiing av fengselsbetjenter og miljøterapeuter i turnus

sakshandsaming

planlegge og organisere arbeidet innan arbeidsområdet

oppfølging av team og tverrfaglege møter

personalansvar og sjukefråværsoppfølging

HMS, (Avviksbehandling i KIKS, personaloppfølging, fokus på arbeidsmiljø tiltak, planlegge/gjennomføre øvelser)

rapportering til inspektør

sikre forsvarleg drift i henhold til overordna føringar, lov- og regelverk

følgja opp tryggingsmessige og miljøterapeutisk tilnærming på avdeling

Den som blir tilsett, må rekne med endringar i arbeids- og ansvarsområde.

Utdanning og erfaring

Du må ha

bestått fengselsbetjentutdanning frå Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter KRUS

interesse for endringsarbeid med born og unge

god muntleg og skriftleg fremstillingsevne

gode kommunikasjonseigenskaper

god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - systemer eller verktøy

førarkort klasse B

Det er ein fordel om du har

relevant erfaring innan fagfeltet med barn og unge i fengsel eller institusjon

erfaring innan operativ leiing med vekt på operativ teneste og sikkerhetsarbeid

erfaring frå tverretatleg samarbeid

relevant vidareutdanning utover fengselsbetjentutdanning, eller leiar erfaring

erfaring frå risikovurderingar og risikobasert tilnærming.

Personlege eigenskapar

gode leiaregenskaper med evne til å motivere og inspirere dei tilsette

gode samarbeidsevner

evne til å arbeide analytisk og strukturert

god rolle- og systemforståing og evne til å tenke heilheitleg

resultatorientert

god stressmeistringsevne

personleg eignaheit vil verta særleg vektlagt

høgt fokus på fag, omsorg og sikkerhetsarbeid

interesse for å «skreddersy» straffegjennomføringa for den einskilde ungdom ved eininga

Vi tilbyr

meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag

gode pensjons-, forsikrings- og låneordninger i Statens pensjonskasse

parkering med ladepunkt

treningsrom for ansatte

regelmessig rettleiing, og påfyll av kompetanse

eit spennande fagfelt med tverretatleg samarbeid

stillinga vert lønt som 0265 fengselsførstebetjent, med årslønn på mellom kr. 615.000-750.000 pr år avhengig av kompetanse og erfraring. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.

Kvinner blir oppmoda til å søkja, og vil gi større mangfald i leiargruppa.

Vi jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5 % av nytilsetjingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til til inspektør Arne M. Hægland tlf. 55 25 12 84.

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.