Helsefagarbeidar

KVITESEID KOMMUNE · Kviteseidgata 13, KVITESEID

Ved Kviteseid omsorgssenter er fylgjande stilling ledig:

Helsefagarbeidar 60% fast ved skjerma avdeling, frå d.d.

Stillinga er i turnus, 35,5 t/v med arbeid kvar 3 helg.

Vil du vere med og skape trygge og gode dagar, for menneske med demens eller kognitiv svikt?
På skjerma avdeling ved Kviteseid omsorgssenter søkjer vi ein fagleg engasjert helsefagarbeidar som trivst med struktur, aktivitet og relasjonsbygging – og som har lyst til å vere ein viktig del av eit lag som spelar kvarandre gode.

Arbeidsoppgåver
· Helse- og omsorgstenester i tråd med lovverk og kvalitetskrav
· Miljøretta arbeid i skjerma avdeling
· Bidra aktivt i fagutvikling og kompetanseheving
· Rettleiing og støtte til lærlingar, studentar, bebuarar og pårørande
· Tverrfagleg samarbeid med dyktige kollegaer
Kvalifikasjonar
· Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
· Anna relevant helse- og omsorgsfagleg utdanning er òg ønskjeleg
· Interesse for faget og utvikling av tenesta
· God digital kompetanse
· Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
· Fleksibel, strukturert og løysingsorientert
· Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
· Evne til å jobbe sjølvstendig og ta ansvar
· Fagleg nysgjerrig og oppdatert
Vi tilbyr

Hjå oss får du jobbe miljøretta, tett på bebuarar som treng tryggleik, forutsigbarheit og varme.
Du blir del av eit arbeidsmiljø som er inkluderande, humorfylt og fagleg nysgjerrig – der vi både tek vare på kvarandre og utfordrar kvarandre til å bli endå betre.

Kviteseid omsorgssenter (KOS) er ein sjukeheim med 32 plassar: 26 langtidsplassar, 4 korttidsplassar, 1 avlastingsplass og 1 ØHD-plass.
Her møter du ei variert pasientgruppe og kollegaer som brenn for fagleg forsvarleg helsehjelp, trivsel og gode kvardagsøyeblikk.

Kontaktinformasjon
Helene Stensrud Flatland, Leiar Kviteseid omsorgsenter, +47 90213757, helene.stensrud@kviteseid.kommune.no

Arbeidsstad
Kviteseidgata 13
3850 Kviteseid

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kviteseid kommune

Referansenr.: 5176339878
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 24.09.2026