Prosjektstilling (17 mnd.) - "Next generation research infrastructure for language and linguistics"

UiT Noregs arktiske universitet · Hansine Hansens veg18, TROMSØ

Om stillinga

Ved Universitetsbiblioteket i Tromsø, UiT Noregs arktiske universitet (UB) er det ledig ei mellombels stilling som prosjektmedarbeidar i prosjektet «Next-generation research infrastructure for language and linguistics: TROLLing 2030».

Vi søkjer ein resultatorientert og omgjengeleg pådrivar med ambisjonar om å bidra til å vidareutvikla TROLLing til eit påliteleg og framtidsretta arkiv for språkdata i verdsklasse.

Den ledige stillinga er ei mellombels stilling i 17 månader. Ønskt oppstart er snarast mogleg, seinast januar 2027.

Arbeidsstad er UiT i Tromsø.

Om prosjektet Next-generation research infrastructure for language and linguistics: TROLLing 2030

Tromsø Repository of Language and Linguistics (TROLLing) er eit fagspesifikt arkiv for forskingsdata frå lingvistikk og språkfag, tilgjengeleg for forskara verda over. Arkivet blei lansert i 2014 og er gjennom den nasjonale CLARINO-noden ein del av den europeiske CLARIN-infrastrukturen. Det overordna målet med TROLLing 2030 prosjektet er å styrkja og vidareutvikla TROLLing, slik at det kan tilby det språkfaglege forskingsmiljøet, både nasjonalt og internasjonalt, eit moderne, påliteleg og fagspesifikt arkiv for forskingsdata. Forankra i Eallju – Drivkraft i nord: UiTs strategi mot 2030 og i UiTs overordna politikk for open vitskap er TROLLing eit viktig ledd i UiT sitt strategiske arbeid med å fremja open vitskap og utvikla feltet i nært samarbeid med nasjonale og internasjonale partnarar.

Den ledige stillinga vil vera ein del av TROLLing 2030-prosjektgruppa ved UiT, som består av tilsette frå UB, Institutt for språk og kultur, og IT-avdelinga. Saman med dei andre medlemene i prosjektgruppa vil prosjektmedarbeidaren ha ei sentral rolle i gjennomføringa av dei fire arbeidspakkane («WP») i prosjektet:

WP1 Future User Needs Analyses skal sikra at den oppgraderte infrastrukturen dekkjer dei viktigaste behova til sluttbrukarar og støttepersonell.

WP2 Service Enhancement and Development skal utvikla og forbetra funksjonane i tråd med resultata frå WP1.

WP3 Engagement and Outreach skal sikra at den nye infrastrukturen får brei aksept og blir teken i bruk i dei relevante brukargruppene.

WP4 Governance and Sustainability skal sikra at den oppgraderte infrastrukturen blir forvalta og utvikla på ein open, tillitsvekkjande, inkluderande og berekraftig måte.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver kan til dømes vera:

kartlegging og analyse av brukarbehov og relevante krav, standardar og tilrådingar

utforming av krav- og behovsbeskrivingar og tekniske kravspesifikasjonar

utvikling og validering av testmetodar, (prototype)modellar

utvikling og oppdatering av forvaltningsmodellar, policyar, retningsliner og andre rettleiings- og informasjonsressursar på nettsider og andre kanalar

involvering av og samarbeid med forskingsmiljø

utvikling og oppdatering av opplærings- og rettleiingsressursar

førebuing, gjennomføring og evaluering av opplæringsøkter for støttepersonell og forskarar

formidling og promotering av prosjektaktivitetar og -resultat

administrative prosjektoppgåver

Stillinga er plassert på Avdeling for forskings- og utdanningsstøtte.

Universitetsbiblioteket er i stadig utvikling og arbeidsoppgåver og/eller ansvarsområde og organisasjonstilhøyrsle vil kunna endra seg over tid. Dette stiller store krav til omstilling. Den som blir tilsett, må vera villig til å tilpassa seg slike endringar.

Kvalifikasjonar

Nødvendige kvalifikasjonar

høgare utdanning på minimum masternivå

gode digitale kunnskapar og dugleikar. Vi ber søkjar om å beskriva sin digitale kompetanse i søknadsbrevet.

erfaring frå prosjektarbeid

god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller eit anna skandinavisk språk og på engelsk

Ønskte kvalifikasjonar

bakgrunn frå språkvitskap

erfaring frå drift og utvikling av forskingsdataarkiv eller liknande støttetenester for forskingsdatahandtering

erfaring frå forskingsarbeid

erfaring frå formidling og undervisning/opplæring innan høgare utdanning

Ønskte eigenskapar

I vurderinga av søkjarane vil vi vektleggja i kva grad dei er motiverte og personleg skikka til stillinga. Vi søkjer kandidatar som

jobbar strukturert og sjølvstendig og er løysings- og resultatorienterte

har gode samarbeidsevner og kommuniserer og samhandlar godt med kollegaer og andre prosjektdeltakarar og sluttbrukarar frå ulike land og med ulik bakgrunn

set seg raskt inn i nye oppgåver

er positive og bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

eit uformelt og godt arbeidsmiljø med dedikerte kollegaer

gode moglegheiter for fagleg utvikling

fleksibel arbeidstid

gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse

gode velferdsordningar, t.d. trening i arbeidstida

nødvendig opplæring

Stillinga blir lønt etter statens lønnsregulativ som rådgjevar (stillingskode 1434) med ei brutto årslønn mellom kr. 590 000 - 700 000 eller som seniorrådgjevar (stillingskode 1364) med ei brutto årslønn mellom kr. 630 000 - 800 000, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. I særskilde tilfelle kan høgare lønn vurderast. Frå bruttolønn blir det trekt 2 % pliktig innskot til Statens pensjonskasse.

Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse, som gjev deg mange føremoner i tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP. Les meir om tilsettføremonene dine på spk.no.

Søknaden

Søknad skal sendas elektronisk på søknadskjema på denne sida og skal innehalda:

søknadsbrev, CV, vitnemål og attestar

Elektronisk utfylt CV (fullstendig oversikt over utdanning, praksis og fagleg arbeid)

Vitnemål og karakterutskrifter for alle gradar

dokumentasjon på formell kompetanse

dokumentasjon på språkdugleikar

namn og kontaktinformasjon til 2-3 relevante referansar

All dokumentasjon som skal vurderast må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk.

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

UiT Noregs arktiske universitet har eit personalpolitisk mål om å vera ein arbeidsgjevar som speglar att mangfaldet i samfunnet og som tek i bruk potensialet i den samla kompetansen til befolkninga. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke og ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv.

Har du funksjonsnedsetjing, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å kryssa av for dette i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velja ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk. Les meir i Statens arbeidsgiverportal.

Generelle opplysningar

Tilsetjinga skjer i samsvar med reglar og vilkår som til ei kvar tid gjeld for statstilsette, og retningsliner ved UiT. På nettsidene våre finn du meir informasjon for søkjarar til stillingar ved UiT.

Mellombels engasjerte eller vikarar som har vore samanhengande tilsett ved UiT over tre år, skal reknast som fast tilsette; jf. statsansatteloven, § 9 (3).

Ved UiT legg vi vekt på mangfald og oppmodar difor kvalifiserte søkjarar til å søkja utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn og personar som har stått utanfor arbeid og utdanning i ein lengre periode (hòl i CV-en).

UiT legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda for tilsette med redusert funksjonsevne. Førespurnader om korleis arbeidsmiljøet er tilrettelagt, helseteneste, høve for fleksitid, deltid o.l. kan rettast til kontaktperson for stillinga.

Personopplysningar som søkjar fører opp, blir behandla i samsvar med lov om behandling av personopplysningar. Søkjarar kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista, men universitetet kan likevel vedta at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren vil då bli varsla før offentleggjering.