Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule - Avdelingsleiar

Innlandet fylkeskommune Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule · Skansen 9, OTTA

Beskrivelse

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule har ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar frå 1. august 2026

Vi søkjer deg som

har godkjent lærarutdanning og undervisningskompetanse frå grunnskulen og/eller vidaregåande skule

har leiarerfaring frå vidaregåande eller grunnskole

har eleven i fokus

har brei arbeidserfaring

trygg på bruk av digitale ressursar og erfaring frå offentlege saksbehandlingsprogram som Visma InSchool, Visma Plus, Elements og ulike Conexusprogram

er initiativrik, samarbeidsorientert og løysingsorientert i ein hektisk kvardag

evner å vera med å utvikle skulen som ein lærande organisasjon

Vi tilbyr

ein givande og utfordrande jobb

eit breitt og spennande fagmiljø

eit inkluderande og raust skulemiljø

løn etter gjeldande avtaleverk

fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Om stillinga

100% fast stilling ledig frå 01.08.2026

den som blir tilsett i stillinga vil bli innplassert i stillingskode avhengig av utdanning og erfaring jf. lov og avtaleverk

stillinga har arbeidsstad Otta

Arbeidsoppgåver

fagansvar med økonomi og personalansvar

avdelingsansvar for individuelt tilrettelagt opplæring, innføringstilbod for minoritetsspråklege. Andre område kan bli lagt til stillinga

fellesoppgåver for leiargruppa

stillinga går inn i skulen si leiargruppe

Kvalifikasjonskrav

godkjent lærarutdanning for undervisning i grunnskulen og/eller vidaregående skule

leiarerfaring frå grunnskule eller vidaregåande skule

erfaring fra overgangsarbeid mellom grunnskole og vidaregående opplæring

erfaring med koordinering av komplekse elevsaker

formell kompetanse i, og erfaring frå opplæring av minoritetsspråklege elevar

formell kompetanse i, og erfaring frå vegleiing i lese og skrivetrening

erfaring frå samarbeid mellom offentlege instansar og næringslivet

erfaring frå offentleg saksbehandling etter forvaltningslova med særlovar

Søknad

Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.

Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.

Fylkeskommunen er ei verksemd i utvikling og endring. Arbeidsoppgåver, ansvarsområde og organisering vil difor kunne utvikle og endre seg i takt med behovet til organisasjonen.

Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.

Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å motta søknaden din.

Link til søknadsskjema: Søk her