Miljøterapeut
Kalhagen bufellesskap/Tolo Omsorg · Nedre Norheim 44, NORHEIMSUND

Vil du bli vår nye kollega?
Ledig 90% vikariat som vernepleiar/sjukepleiar

Ledig frå snarast og ut februar 2027 med moglegheit for forlenging. Stillinga innebær dag og kveldsvakter i turnus. Arbeid kvar 3. helg.

Kalhagen Bufellesskap i Norheimsund har eit godt arbeidsteam med erfaring og utdanning på tvers av ulike fagkompetansar. Gruppa gjev tjenester til personar med utviklingshemming i ulik alder og med ulike omsorgsbehov. Saman skal me gje bebuarane våre den beste plass å vera. Du vil møta mottakarane i alle aspekt av livet; til kvardag og til fest, i gode og i dårlege dagar. Mykje av arbeidet vårt foregår i team og det er viktig at me er gode støttespelarar for kvarandre.

Er du ein god lagspelar som ser løysningar og mogelegheiter? Då er det deg me ser etter!

Arbeidsoppgåver

Oppfølging av brukar sitt behov for hjelp og omsorg

Primærkontaktansvar og miljøterapeutisk arbeid direkte med brukarane og deira pårørande

Samarbeid med interne og eksterne støtteapparat

Ha det overordna ansvaret for legemiddelmiddelhandtering og internkontroll

Rettleiing og opplæring av kollegaer

Bidra i dokumentasjon, kartlegging og delta i utarbeiding av vedtak

I tillegg til pleie er ein del av arbeidet administrative oppgåver som t.d protokollføring etter helse og omsorgstenestelova kap. 9, journalskriving, kartlegging og arbeid med indivduell plan

Kvalifikasjonar

Me ønskjer oss medarbeidarar med god fagkompetanse og eit sterkt engasjement

Du må ha norsk autorisasjon som vernepleiar/sjukeleiar

Du må ha relevant arbeidserfaring

Vera ein solid fagperson som bidrar til utviklinga av eit godt arbeids- og fagmiljø

Kjennskap til lovverket i helse og omsorgstenestelova kap. 9.

Førarkort klasse B

God skriftleg framstillingsevne og tydeleg kommunikasjon

Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg

Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.

Personlege eigenskapar

Trygg på deg sjølv i utfordrande situasjonar

God relasjonsevne

Ha ei genuin interesse for fagfeltet

Kunna jobba sjølvstendig

Trivst med kombinasjonen av administrative oppgåver og praktisk miljøarbeid

Du må like å ta ansvar, og vera tydeleg i samhandling med andre

Me tilbyr

Fagleg interessante, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver

Eit godt og inkluderande fagmiljø med vekt på utvikling

Tid til fagleg refleksjon og rettleiing

Leiarar som ser heilskap

Tverrfagleg samarbeid

Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem

Som vernepleiar/sjukepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid)

Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Generell informasjon:

Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon
Thale Valland, Gruppeleiar Kalhagen bufellesskap og ambulante tenester, +47 941 71 804

Arbeidsstad
Nedre Norheim 44
5600 Norheimsund

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 5168585990
Stillingsprosent: 90%
Vikar
Søknadsfrist: 13.09.2026