Driftskoordinator
FIRDA BILLAG BUSS AS · Hegrevegen, STRYN

Firda Billag Buss AS ser no etter ein strukturert og engasjert driftskoordinator til vårt kontor i Stryn. Kjenner du at du trivst ekstra godt når dagen byr på litt fart og utfordringar? Då kan du passe perfekt som vår nye trafikkleiar.

Som driftskoordinator vil du bli ein del av eit team, som har ansvar for dagleg drift i Nordfjord. Du vil vere ein viktig kontaktperson for kollegar og kundar, og sikre effektiv drift og god service. Rolla kan tilpassast litt kvalifikasjonane til den som søker.

Arbeidsoppgåver:
• Koordinering mellom sjåførar, kundar og oppdragsgjevar
• Delta i teamet med trafikkleiarar og teknisk, for å oppretthalde god drift
• Dine kvalifikasjonar og person er med å forme ansvar og rolle.

Vi ser etter deg som:
• Er serviceinnstilt og løysingsorientert
• Har god digital kompetanse og erfaring med administrative system (t.d. IVU, Visma, Office, andre logistikksystem)
• Har gode samarbeidsevner og trivst med å jobbe i team
• Beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg
• Har relevant erfaring frå trafikkstyring, transport eller administrasjon, men dette er ikkje eit krav

Arbeidsstad:
Hegrevegen, Stryn