Helsefagarbeidar
Luster kommune Luster omsorgssenter · Dalsdalen 1, LUSTER

Luster omsorgssenter ligg flott til i fine omgjevnadar sentralt i Luster.

Stillingsinformasjon:

Fast 80% stilling som helsefagarbeidar

Stillinga inngår i turnus med langvakter 4.kvar helg

Tilsette ved Luster omsorgssenter yter tenester til langtids sjukeheimspasientar og til heimebuande. Per no er stillinga ved sjukeheimsavdelinga

Arbeidsoppgåver:

Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar i alle einingar

Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar sine behov

Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet

Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut ifrå retningslinjer

Rettleie og følgje opp elevar, studentar og lærlingar

Vere medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar:

Offentleg godkjend helsefagarbeidar

Erfaring/kompetanse innan eldreomsorg er ynskjeleg

Beherske norsk, skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde

Me legg vekt på:

Gode kommunikasjonsevner

Gode samarbeidsevner og evner til å arbeide sjølvstendig og løysingsorientert

Personlege eigenskapar

Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg

Me kan tilby:

Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår

Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse

Gode moglegheiter for fagleg utvikling

Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Link til søknadsskjema: Søk her